Den mannlege bilisten i Kvinnherad som var seint ute til eit kaffiselskap fortel til avisa Kvinnheringen at han blei målt til 85 km i timen i 60-sona på Langgot ved Husnes 19.mars i år.

No får han bota på 6500 kroner tilbakebetalt og prikkane strokne frå førarkortet fordi lensmannsfolka hadde utelate å skriva på førelegget kva sone fartsoverskridaren blei teken i.

Åtte andre bilistar får tilbakebetalt bot av samme årsak. Men ein av dei køyrde så fort at førarkortet blei inndrege og mannen blei meld. Den politimeldinga blir ikkje oppheva som følgje av skrivetabben, ifølgje politibetjent Tor Kristian Olsen.