Det vedtok kommunestyret mot 12 røyster i går, melder Kystradioen.

Det førelåg ei rekkje forslag om kor stort kommunestyret skulle vera. Den uavhengige representanten Jan-Ove Fromreide ville redusera talet til 27 representantar dersom det blei innført parlamentarisme i Askøy. Både dette og ei rekkje andre forslag blei avvist. Til slutt blei det eit klart fleirtal for å ha 35 representantar i kommunestyret i neste valperiode. Den eine representanten til Venstre, Sissel Skråmestø Juliussen, seier til Kystradioen at det er tungt å vera åleine som representant for Venstre i Askøy kommunestyre.