— Er det nokon som tør å halda denne? Han er ikkje farleg.

Marinbiolog Jens Andreas Huseby ved Akvariet står framfor dei ti finalistane i Miss Teen Norge med ein ballpytonslange rundt armen. Den vesle slangen klyngar seg til armen på marinbiologen medan han kikkar opp på jentene.

Sara Tandberg (15) vrir litt på seg, før det kjem eit forsiktig ja. Huseby plasserer slangen roleg på armen hennar. Ho smiler til fotografane medan ho prøver å bli komfortabel med slangen.

Catwalktrening

Cecilie Skage Høysæter (17) frå Bergen er neste jente ut. Slangen svingar seg elegant rundt armen hennar. Ho er ei av to lokale deltakarar i missekonkurransen, som går av stabelen i morgon kveld.

— Eg er ikkje nervøs enno, men nervene kjem nok. Men eg trur det blir veldig artig, seier Skage Høysæter.

Dei ti finalistane har vore samla i Bergen sidan i går, der dei har hatt catwalktrening.

— Dei fleste er nybegynnarar, så me har litt å gå på på catwalken, seier Skage Høysæter.

Vinnaren av Miss Teen Norge får delta på Miss Europe junior i Tsjekkia, i tillegg til å få modellkontrakt med Modellhuset i Bergen i eitt år.

Modelldraum

Snart har slangen vore på alle sine hender - og eit par halsar.

— Har du fleire dyr, eller? Edderkoppar for eksempel? kjem det frå ein deltakar.

— Eg har ein tarantell. Men eg trur ikkje me skal ta den ut, for å seia det sånn, seier Huseby med eit flir.

I staden blir det ein runde på Akvariet. Jentene får helsa på Dodraugen - ja, han som blei verdskjendis då han dukka opp i eit toalett i Bergen. Det vil seia, han ligg i dvale for tida. Men dei får iallfall sjå toalettet hans.

Vidare går ferda til dei grønne anakondaslangane. Huseby peikar og forklarer.

— Anakondaslangane tar me aldri ut. Dei er rett og slett for farlege, seier han.

Emilie Solbakken (17) er bergensar nummer to i konkurransen.

— Eg er mest nervøs for spørsmålet me skal få på scenen, i tillegg til å gå på høge hælar, seier ho.

Både Skage Høysæter og Solbakken drøymer om å bli modellar.

— Viss eg får sjansen, vil eg heilt klart bli modell, seier Solbakken.

I morgon spankulerer begge ned den bergenske catwalken i håp om å bli krona til Miss Teen Norge 2007.

FINALISTANE: Anne Kristensen (17) frå Porsgrunn (framme t.v.), Katrine Nilsen (16) frå Rakkestad, Arita Fejzalai (17) frå Sarpsborg, Silje Christin Letting Risdal (18) frå Ski, Stine Mari Johansen (16) frå Yven og Julie Paavlova Wold (17) frå Stavanger. Bak frå venstre: Emilie Solbakken (17) frå Bergen, Cecilie Skage Høysæter (17) frå Bergen og Maria Nymo (16) frå Skedsmo.
BORGHILD BERGE
BERGENSHÅPA: Emilie Solbakken (17) (t.v) og Cecilie Skage Høysæter (17) skal forsvara Bergen si ære i Miss Teen Norge 2007.
BORGHILD BERGE
SLANGEPOSERING: Arita Fejzalai (17) poserer for fotografane på Akvariet.
BORGHILD BERGE