Det er prøver tatt i midten av juli av Norges Geotekniske Institutt (NGI) som viser funn av PCB. Stoffet var høgst truleg i botnfallet som vart sprengt i lufta då tank T3 gav etter for trykket. Men opphavet til det forbode stoffet er ukjent, i følgje Statens forureiningstilsyn (SFT).

— Det er umogleg å seie kor det kjem frå. I prinsippet kan det ha kome frå einkvar leveranse av eit avfallsprodukt, seier Harald Sørby, avdelingsdirektør i SFT.

— Inkluderer det Probo Emu?

— Det er mogeleg, som med alle andre som har levert avfall, seier Sørby. Probo Emu leverte avfall til Vest Tank i oktober 2006. Avfall frå søsterskipet valda fleire dødsfall i Elfenbeinskysten. I avfallet var det blant anna store mengder PCB.

- Må ha kome frå avfall

Sørby meiner det er usannsynleg at produktet har kome frå coker gasoline, som er eit oljeprodukt. Det var botnfallet av denne forma for råbensin som vart handsama på T3 før eksplosjonen. PCB kan likevel ha kome i tanken gjennom restar frå avfallsvatn frå tankbåtar.

SFT har bedt Vest Tank, som no heiter Alexela Sløvåg, om å finne ut kor PCB-en kom frå. I eit svarbrev til SFT, seier Alexela Sløvåg at dei ikkje kjenner til å ha teke mot PCB-haldig avfall frå nokon kunde.

— Når det gjeld funnet av PCB i slammet etter ulukka, kan vi ikkje seie noko sikkert om opphavet, skriv selskapet.

Dei kastar likevel fram to hypotesar. Ved spyling og reingjering av tankar på skip kan PCB-haldige målingsrestar ha kome med i såpevatnet som blei pumpa over i tankanlegget i Sløvåg. Dette må i så fall anten ha vore restar av gammal måling, eller ha kome frå skip i land som framleis har små restriksjonar på bruk av PCB.

Ingen prøve utan mistanke

Det andre alternativet kan ha vore at PCB-haldige oljerestar er tilført andre oljeprodukt i tankane på båtar. Dette er i så fall gjort for å kvitte seg med avfallet.

— Enkelte aktørar brukar denne metoden for å kvitte seg med oljeprodukt som inneheld PCB. Internasjonalt har det vist seg å vere eit problem, skriv selskapet.

SFT vurderer framleis korleis dei vil følgje opp giftfunnet.

— Vi må vurdere kor klanderverdig det har vore å ta imot stoffet. Ein tar ikkje prøver for det utan at det er ein grunngitt mistanke. Ved dei prøvene som er tatt, er det ingen som har vist PCB, seier Harald Sørby.

Mykje i myr

I ei av prøvene Norges Geotekniske Institutt (NGI) tok i Gulen, blei det påvist eit PCB-innhald som langt overstig tiltaksverdiane. Prøven blei gjort av vatn som rann ut frå ei myr kring ein kilometer nord-aust for tankanlegget. Analysane synte eit PBC-innhald på 0,14 mikrogram per liter. I NGI-rapporten blir det i denne samanhengen vist til Nederland der tiltaksverdien for PCB i grunnvatn er sett til 0,01 mikrogram per liter.

— Vi snakkar likevel om svært små verdiar, seier seksjonsleiar Bjørn Bjørnstad i SFT.

— Prøvene blei tatt sju veker etter at tankane gjekk i lufta. Kan det ha blitt spreidd PCB til drikkevasskjelder i samband med eksplosjonen, kjemikaliane kan jo i så fall ha runne ut med vatnet før forskarane kom til området?

— Vi trur faren er liten for det. PCB blir brote seint ned. Dei jordprøvene vi har, syner svært låge verdiar.