• Vi kunne ikkje godt sprøyte på med rein kloakk heller, seier Reidar Hammersdal om naust-brannen i Ytrebygda i går.

Hammersdal og slambil-kollega Jonny Skjelvik var dei første som oppdaga at det hadde tatt fyr i eitt av dei seks nausta rett nedanfor Mildevegen, ved Vestrepollen. På tankane i slambilen hadde dei to kommunetilsette 1000 liter vatn og 4000 liter kloakk.

— Vi såg at det rauk ut gjennom taket, og ringde brannvesenet. Så byrja vi å sprøyte på vatn, seier Skjelvik.

Vatnet dempa varmen, men dessverre gjekk tanken tom før brannvesenet nådde fram.

— Røyken var utruleg tett. Om vi hadde tatt i bruk kloakken, ville vi hatt 4000 liter til. Men det hadde vel ikkje vorte særleg godt likt, seier Hammersdal.

Raskt kontroll

Ein bil som stod parkert utanfor naustet brann opp. Sjølve naustet vart totalskadd, saman med ein plastbåt som stod inni. Også det eine nabonaustet fekk brannskader i vegg og tak.

Brannvesenet var ei stund redde for at brannen kunne spreie seg til dei næraste husa ovanfor naustrekkja, men fekk raskt kontroll over brannen.

Får ros av brannvesenet

Dei snarrådige kommunearbeidarane får skryt av brigadeleiar Asbjørn Fotland i Bergen Brannvesen.

— Det er berre å bukke og takke, det var vake gjort. Dei kan ha avgrensa starten av brannen. Vatnet hadde heilt sikkert sin misjon, seier Fotland.

Dei andre nausta i rekkja fekk ikkje andre skader enn ein del røyk som måtte ventilerast ut. Det totalskadde naustet måtte rivast av brannvesenet.

Det var ikkje folk i huset då brannen tok til i 9-tida.

— Eg var nede i mitt eige naust litt bortanfor like før klokka ni og merka ingenting. Då eg kom opp igjen til huset mitt, fekk eg sjå at det rauk, seier nabo Jan Henrik Nordeide.

Det var i går ettermiddag uklart korleis brannen oppsto. Det var ikkje mistanke om at han var påsett.

TOTALSKADD: Både naustet, ein parkert bil og båten som stod inni naustet vart totalskadd. Også eine nabonaustet tok fyr, før brannvesenet fekk kontroll. EIRIK BREKKE (foto)
EIRIK BREKKE