Frikjenninga kjem etter at slakteriet nekta å godta ei bot på 50.000 kroner, og etter at aktor i saka bad om dobbel så stor bot.

Etter frifinninga kan den erfarne sjåføren, tilsett hos Fatland Ølen, åleine bli stilt rettsleg ansvarleg for dyretragedien.

Det var ein halv time lang transport av 24 sauer og 8 lam ein varm sommarkveld som enda tragisk. Sauene skulle på sommarbeite i Vikebygd i Ølen, denne julikvelden blei det målt vel 25 varmegrader utandørs i Ølen.

Då sjåføren etter endt transport opna dørene i lasterommet, såg han sjokkert at alle sauene var døde eller døyande. Truleg som følgje av overoppheiting.

Skaden skjedde ifølge retten mest sannsynleg etter at sauene var lasta på bilen, og bilen stod parkert 15 –30 minuttar i påvente av at ein annan bil skulle lastast. At lastebilen blei parkert i skuggen under nokre tre hindra ikkje ulukka.

Lasterommet hadde ikkje vifter, berre luftekanalar som virkar når bilen er i fart. Forskriftene set ikkje eit klart krav om mekaniske vifter, påpeikar retten.

Tingretten frikjenner Fatland Ølen under tilvising til at svært få dyr døyr under transport, at verksemda har lagt vekt på systematisk arbeid for å ta vare på dyr under transport, blant anna gjennom opplæringa av dei tilsette.

Sjåføren som har køyrt dyr i 34 år, er sett under tiltale. Men tiltalen er annullert grunna manglande kompetanse hos påtaleansvarleg. Sunnhordland tingrett utelukkar ikkje at ny tiltale vil bli reist.