OVE ARNE OLDERKJÆR

I dag møter Fatland Ølen AS i Sunnhordland tingrett, tiltalt for brot på forskriftene om transport av levande dyr.

Ein bonde på Bjoa i Ølen skulle senda sauene sine på beite 20 km unna onsdag 16.juli i fjor. Denne dagen blei det målt 31 grader i lufta i Vats i Ølen. Fatland Ølen AS stod for transporten i to bilar.

I den eine bilen som hadde vifter og lufteluker kom sauene vel fram til beitet. I den andre bilen, som korkje hadde vifter eller temperaturmålar, var samtlege 24 sauer og åtte lam døde då lasteromdørane blei opna for å sleppa dyra ut.

Ifølgje forskriftene skal temperaturen ikkje vera over 32 varmegrader i transportrom for dyr. Politiet har vitne i Ølen-saka som viser at varmen var ekstrem i rommet då dørane blei opna.

Det var distriktsveterinæren som melde saka til politiet. Fatland Ølen AS tok straks sjølvkritikk og lova å installera vifter og termometer i alle dyrebilane, og å overvaka ventilasjonen for dyra nøye.