På tomta kjem det 70 bustader, store kontorareal og underjordisk parkering. Bygga blir nær 17 meter høge, fire meter meir enn Sandviken Kulturhistoriske Forening meiner er forsvarleg for å sikre utsikta frå Nye Sandviksvei. RV, SV og Arbeidarpartiet stemte mot planen. Dei ville ha høgda ned med to meter. Saka går no vidare til bystyret, der byrådspartia, Pensjonistpartiet og Frp vil sørgje for fleirtal. Naboane vil så venteleg anke saka vidare til Fylkesmannen, og eventuelt til Miljøverndepartementet.