HANS K. MJELVA

Norges Rederiforbund sendte måndag eit brev til næringsminister Børge Brende, med solid kritikk av Sjøfartsdirektoratet sin «Rocknes»-rapport.

Rederiforbundet har fått jusprofessor Geir Woxholth til å gå gjennom rapporten. Woxholth konkluderer mellom anna med at Sjøfartsdirektoratet:

  • Gjekk ut over mandatet, ved at dei uttalte seg om årsakene til kantringa.
  • Utpeika grunnstøytinga som hovudårsak til kantringa, utan at dette vart klart formidla til ålmenta.
  • Gjekk langt i å påstå at reiarlaget og kapteinen var ansvarleg for at ikkje fleire liv vart redda, utan at desse fekk svare for seg i tråd med alminnelege rettstryggleiksgarantiar.

— Bryt forvaltningslova

Sjøfartsdirektoratet konsentrerte seg i sin rapport om kvifor «Rocknes» kantra så raskt etter grunnstøytinga. Konklusjonen var at det skuldast feillasting og dårleg stabilitet. Dette gjer at reiarlaget Jebsen arbeidar med ein motrapport.

Woxholth har konsentrert seg om dei juridiske sidene av saka. Han meiner Sjøfartsdirektoratet gjekk ut over å vurdere dei skipstekniske tilhøva, som dei hadde mandat til: Skipet kantra raskare fordi det var lasta feil, konkluderte direktoratet.

— Dei skriv at om ein hadde følgd dei skipstekniske krava kunne fleire liv vore redda. Då går dei ut over skipstekniske, og talar om konsekvensar, seier Woxholth, som meiner Sjøfartsdirektoratet her bryt forvaltningslova.

— Dette gjer dei utan at reiarlag eller etterlatne etter kapteinen har fått innsyn i saka eller høve til å uttale seg, slik dei har rett på etter forvaltningslova, seier han..

«Meget alvorlig»

Det er spesielt det siste punktet som har provosert Rederiforbundet.

— Vi meiner det er alvorlege skuldingar som kjem fram i rapporten. Spesielt det at reiarlaget ikkje fekk sjå rapporten eller å forklare seg før den vart offentleggjort, seier informasjonssjef Marit Ytreeide i Rederiforbundet.

I brevet til Sjøfartsdirektoratets nærmaste overordna skriv Rederiforbundet at dei ser «meget alvorlig på de forhold som påpekes i betenkningen».

Sjøfartsdirektoratet er den øvste sjøfartsstyresmakta i landet, og har berre næringsministeren over seg. Rederiforbundet skriv i brevet at dei vonar «det blir trukket lærdom av de forhold som påpekes, og at det blir iverksatt tiltak for å unngå tilsvarende håndtering fra Sjøfartsdirektoratets side i denne type saker i fremtiden.»

Granska seg sjølv

Woxholth er òg kritisk til grunnlaget for at Sjøfartsdirektoratet sette ned arbeidsgruppa som kom med rapporten i det heile. Han skriv at han ikkje antydar at «Sjøfartsdirektoratet kan ha nedsatt arbeidsgruppen i egeninteresse, for å flytte fokus fra ansvarsforhold som direktoratet selv må svare for.»

Han meiner det ikkje er tvil om at direktoratet ikkje kan granske seg sjølv, men at det òg er «betenkelig hvis arbeidsgruppen ved å fokusere mot andres ansvar, eventuelt har bidratt til å flytte fokus bort fra Sjøfartsdirektoratets eget ansvar.»

Tidlegare i august sa ein annan professor, Erik Røsæg, ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo, til BT at Sjøfartsdirektoratet sine undersøkingar og rapport òg innebar at styresmaktene granska sine eigne forskrifter og politikk.