— Eg måtte røysta heime, på sjølve valdagen, for å få høve til å gjera dei endringar eg ville på røystesetelen, seier Åse Marie som fekk slag og vart lam på den eine sida for to og eit halvt år sidan.

Ho er politisk engasjert, akkurat som før ho vart sett ut av spel. Midt mellom harde treningsøkter på rehabiliteringsavdelinga her på Haukeland universitetssjukehus har ho fylgt levande med i valdebatten i lokalblada Kvinnheringen og Grenda. Ord for ord, setning for setning, strevar ho seg gjennom referat og artiklar.

Som lærar ved Mauranger skule er det ein tankevekkjande situasjon å måtte læra det meste på nytt att. Dei første par månadane kunne ho ikkje få fram eit einaste ord. Men så byrja det å losna.

Ei slitsam ferd

Det har vore ei slitsam ferd desse åra for å vinna att mest mogleg av helse og førleik. Men humøret er like godt som før. Smilet er varmt og ekte og fortel at ho trass alt har det godt, sjølv om ho framleis er avhengig av rullestol. Men med god hjelp kjem ho seg på beina og kan ta nokre steg. Det går framover, ho vert flinkare og flinkare.

Akkurat no er ho på sjukehuset nokre veker til intensiv trening. Andre ville i hennar stad truleg ha nøgd seg med førehandsrøysting - dersom det var så påkravd å gjera borgarplikta.

Men Åse Marie tek det ikkje lett. Førehandsrøysting gir ikkje høve til å endra på røystesetelen, berre til å røysta på det eine eller det andre partiet og godta lista slik ho er.

- Eg var imponert!

— Eg ville røysta slik eg ville, og dermed måtte eg få lov til å kryssa av på nokre namn som eg meiner fortener ekstra støtte ved valet, seier ho til Bergens Tidende medan ektemannen Thorleif hjelper henne på veg når det er vanskeleg å finna rette orda.

Den travle skipsbyggjaren tok seg med glede ein ekstratur til Bergen for å henta henne då ho insisterte på å koma heim for å røysta.

— Eg var rett og slett imponert over at ho ville ta seg bryet med den lange køyreturen berre for å leggja røystesetelen i urna, seier den tidlegare ordføraren som denne gongen står langt nede på Senterpartilista i Kvinnherad - nærmast som listefyll, som han spøkjefullt seier.

Dermed henta han henne fredag ettermiddag, slik at ho fekk høve til å røysta på rådhuset i Rosendal søndag. Same dagen bar det attende til sjukehus og trening i Bergen.

Tiltalt og frikjent

Ho nektar ikkje for at også ho held på Senterpartiet og har tenkt å vera trufast mot mann og parti. Det er forståeleg nok helse og omsorg som er viktigaste tema for Åse Marie. Ikkje alt er som det skal vera, heller ikkje i heimbygda. Sjølv om ho har all grunn til å vera strålande nøgd med den hjelpa ho sjølv har fått, er det ille at denne sektoren har fått mindre å rutta med, meiner ho.

Også for Thorleif Hellesøy har det vore tøffe tider. Ikkje nok med at kona vart alvorleg sjuk og pleietrengande. Han og broren vart like etter skulda og tiltalt for å ha ført staten bak lyset og på ulovleg vis fått utbetalt 14 mill. kroner i verftsstøtte. Men i april vart dei blankt frifunne i retten.

— Det var utruleg godt å få leggja dette bak seg. Det var heller ikkje så lett i den vanskelege tida å forklara Åse Marie korleis samanhengen var, seier han.

HJELPESMANN: Thorleif Hellesøy er tålmodig og hjelper fru Åse Marie på plass i bilen.<br/>Foto: TOR HØVIK