— Eit av dei fremste kjenneteikna på sognehumoren er den korte replikken, rett på sak, sagt i stunda, meiner Njøs.

Eit godt døme er den om nøren (person frå Norane mellom Leikanger og Sogndal) som skulle på sjukehuset i Lærdal. Mannen set seg på bussen. På neste haldeplass går det på ein sambygding. Då han får auge på kjenningen bak i bussen, spør han:

  • Kest?
  • Lærdal.
  • Kå?
  • Røvi.

Ein samtale på fire ord, og heile epikrisen er fortalt. Meir snakk om hemoroidane var unødvendig.

Skilje i fjorden

Njøs meiner det går eit humoristisk skilje i Sognefjorden, ein stad i området Høyanger/Balestrand. Ytresogningen slår hardare, dei er meir brutale i ordbruken. Einar Førde si velkjende hesjing med sunnfjordingane er eit typisk døme.

Inne i fjorden blir det som på godt nynorsk heiter understatement, sett større pris på. Humoren er ikkje mindre vondskapsfull, men orda er det.

— Indresogningen kan få fortalt utruleg mykje vondt om eit menneske, utan å bruke eit einaste stygt ord, seier Njøs.

I hans eige nabolag, Njøsagrendi på Hermansverk, drog ein odelsgut til byn. Han skulle studere til prest. Men etter eit par år gav han seg, og kom heim att for å ta over garden. Då seier naboen: - Ja, e' da'kje løge. Gud ha ei meining med alt!

  • Då har du fått sagt mykje. Det ligg mykje meir i sognehumoren enn du anar. Ofte må du tenkje deg om, før det går opp for deg kva som eigentleg er sagt.

Odd Njøs har lagt ned eit stort humorkulturelt arbeid. Han har samla historier frå heile Indre Sogn, eller risper som dei like gjerne seier på sognemål. Resultatet har blitt tre vitsebøker, ei bok med lengre soger og ein dobbel CD. Bøkene er for lengst utselde, lydboka finst det visst nokre eksemplar att av.

Palmerevyen

Fram gjennom åra har Njøs levert frå seg hundrevis av kåseri på ulike arenaer, i årevis var han fast leverandør til lokalradioen. Slik blei røysta heimekjær frå Utvær til Videsæter.

Ein av kommentarane han blir hugsa for var då Vestlandsrevyen gjekk på lufta første gong. Dette var premieren for regionale nyheitssendingar i NRK, ei skikkeleg prestisjesak. Sendinga gjekk utan lyd til Sogn og Fjordane. På NRK-huset i Førde, der folk var samla, la depresjonen seg over festlyden. Men det gjorde ikkje noko for Njøs.

— Å sjao kjeften gao pao ein bergensar i ein halve time utan å høyre ein einaste lyd, da va' ei fantastisk oppleving!

I Indre Sogn var han kjend lenge før kringkastinga fekk distriktskontor i Sogn og Fjordane. Palmerevyen til Leikanger Mannskor gav dei syngjande mennene lokal kjendisstatus. Framsyninga, som alltid har premiere palmelaurdag, er kongen mellom revyane i Sogn og Fjordane.

Kvinneleg dirigent

  • Å skrive revyar i lokale miljø er balansegang på ein knivsegg. Det minste problemet er å skrive ei nidvise slik at du får ein fiende for livet.
  • Har du opplevd det?
  • Det trur eg ikkje. Folks tolegrense er veldig ulike, men vi har vore veldig bevisste på at vi ikkje skal såre nokon. Vi har alltid teke tak i folks offentlege roller. Det private held vi oss unna, det har ikkje noko å gjere på ei revyscene.

I år var det premiere på den 50. utgåva. Saman med Ola O. Henjum, eller Tambur-Ola som han går for i Leikanger, var Odd Njøs med frå starten.

I revymiljøet går det tallause historier om Tambur-Ola. Ein klassikar er då mannskoret fekk kvinneleg dirigent. I første pause forkynte Tamburen:

  • No mao de slutta glo slik på tattadn hinna. Sjao litevetta på nevadn óg!

Også i årets jubileumsframsyning var Knoll og Tott, 77 år gamle Njøs og fem år eldre Henjum, på scena.

Sunnfjordingane

Njøs held fram naboskrøner som typisk for indresogningen. Det florerer med dei.

Han Jens og Eirik budde tun i tun, og var gode uvener. I stova til Jens hang eit bilete av Jesus på krossen, med Jens på eine sida og bror hans på hi:

  • Eg visste dei hengde han mydlo røvara, men atte da va kjensfolk, nei da va`kje eg klar øve, kommentere Eirik.

Kranglar mellom bygdelag er også grannehumor. Ein kar frå Leikanger fylte 70, men ein gjest kom til å tenkje på at her var det noko som ikkje stemde. Dei to hadde gått for presten i lag:

  • Eg va no 70 i fjor.
  • Da stemme, sa verten. - Men du må hugsa pao at eg budde eitt aor i Fresvik.

Også naboane i nord, sunnfjordingane, blir det spøkt med. Njøs meiner det er stor skilnad på humoren. Der sogningen går rett på sak, tek sunnfjordingen omvegar og brukar tid. Han assosierer undervegs, og pensar seg inn på andre spor. Enkelte gonger kjem han aldri til poenget i historia han starta med.

  • Det verste sogningar veit er folk som ikkje kjem til poenget. Men bevares, sunnfjordingen kan vere spontan han óg. Berre han får tenkt seg om.

Sirkus i Dragsvik

Skrøner fortalt på ein finsleg måte, er dei som lever lengst langs fjorden. Slik som lustringen, innstemnd i ei farskapssak. Han la ut i frodige og folkelege vendingar. Til slutt meinte dommaren han fekk moderere seg:

  • Du får seie det mannlege lem, sa han.

Lustringen tok det til etterretning, og heldt fram forklaringa. Men brått stod han fast. Så såg han opp på dommaren:

  • Du ha kanskje eit kjelanamn pao musi óg du?

Og sjølv om sogningen meiner at «da'kje nøye om ein lyge litt, berre praten gaor», er likevel dei aller beste historiene dei som er sanne. Som replikken ferjebillettør og pensjonateigar Tor Tjugum i Dragsvik serverte, då Cirkus Arnardo skulle over fjorden same dag eine ferja var ute av drift. Køane vaks og sirkuset blei ståande på ferjekaien. Arnardo sjølv var ikkje nett god. Han tok føre seg billettøren, og gav i klare ordelag uttrykk for kva han tykte. Men Tjugum var ikkje tapt bak ei sirkusvogn:

  • No ska eg seia deg da, Arnardo. Her ska'kje me ha noke sirkus!

Det høyrer med til soga at Arnardo tok den. Dei to blei vel forlikte.

Oddleiv Apneseth