Kommunen har kravd at overgangen, ofte omtalt som skywalk, blir riven. Årsaka er at huseigaren, selskapet Qvam AS, starta bygginga etter teikningar som ikkje er godkjende.

Qvam har no gått til advokat, som ber om at pålegget om riving blir trekt tilbake. Mellom anna meiner advokaten at kommunen har gjort seg skuld i sakshandsamingsfeil. Dersom så ikkje skjer, vil det bli teke ut søksmål mot Førde kommune.

Qvam vil også krevje erstatning for økonomisk tap selskapet er påført.

BYGGESTOPP: Slik så gangbrua i Førde sentrum ut for en stund siden. Så langt kom bygginga av den endra versjonen før kommunen sa stopp 3. februar.Utbyggaren Qvam AS meiner endringane er «mindre vesentlege», og har søkt om dispensasjon. FOTO: ODDLEIV APNESETH