Skywalken i glas og aluminiumsgrindverk skulle binde saman to massive handelshus, og bli eit spektakulært landemerke i det utskjelte Førde sentrum. Men utbyggaren Qvam AS bygde ikkje gangbrua i takt med byggeløyvet, og kommunen påla øyeblikkeleg byggestopp i vinter. Seinare bestemte eit samrøystes planutval at fasaden på gangbrua må ned.

Stridens kjerne er det rutemønstra grindverket rundt glasfasaden på brua. Aluminiumsgrindverket er utført i kvadratisk rutemønster, ikkje det godkjende rombeforma rutemønsteret.

Riving ikkje nemnd

Rivingsfristen er sett til 2. juni. I mellomtida har Qvam bebuda søksmål mot kommunen fordi den ulovleg oppførte brua ikkje får stå.

No har ein ny søknad frå Qvam AS landa på ordførarens bord. Under tittelen «Søknad om midlertidig bruk av skywalk/gangbru» ber selskapet no om løyve til å setje brua i brukbar stand og ta den i bruk midlertidig. I brevet er ikkje pålegget om å rive byggverket nemnt med eitt ord, trass i at det er mindre enn ein månad til fristen går ut.

Ifølgje Førde-ordførar Nils Gjerland kan søknaden tidlegast behandlast i planutvalet 11. mai.

– Provoserande

Qvam AS har stemna kommunen for retten i kampen for å behalde dagens fasade, og dei aktar også å angripe rivingsvedtaket rettsleg.

– Du kan trygt seie at denne saka har blitt annleis enn vi såg føre oss, seier ordføraren tørt.

Andre politikarar i planutvalet er ikkje fullt så tålmodige.

– Dette blir meir og meir provoserande, seier SV-representanten Norvall Nøringset om den nye søknaden frå Qvam. – Vi har eit samrøystes vedtak om riving. Eg oppfattar søknaden nærast som eit dulgt trugsmål om at dei vil unnlate å rydde opp i området dersom dei ikkje får lov til å ta skywalken i bruk. Dette er ein ufin måte å forholde seg til politiske vedtak på.

– Reknar ikkje med å rive

Jostein Fredly representerer Qvam AS, og seier til BT at dei ønskjer å rydde opp i området midt i Førde.

– Området framstår i dag som ein byggeplass. Vi ønskjer å få ta gangbrua i bruk midlertidig, inntil saka er rettsleg avgjort, seier Fredly, som stadfestar at dei vil også vil prøve å få rettsleg forføyning slik at dei slepp å rive før ein eventuell endeleg dom pålegg dette.

– Gangbrua kan takast i bruk sjølv om grindverket må fjernast. Og vi reknar vel eigentleg ikkje med å måtte rive grindverket innan 2. juni, seier han.

Ein eventuell endeleg dom som pålegg Qvam å bygge nytt grindverk etter dei godkjende planane vil koste selskapet ein stad rundt fire millionar kroner.

STRIDENS KJERNE: Kommunen har vedteke både byggestans og riving, men utbyggaren søker likevel om å fåsetje skywalken i Førde i stand til midlertidig bruk.
Apneseth Oddleiv