Der gjekk fleirtalet på 20 inn for å regulera inn skytebane på Vangdalsåsen, 13 kilometer frå Norheimsund i retning Tørvikbygd. Mindretalet på 12 gjekk inn for Nedremarka i Soldalsgrenda.

Plassering av ny skytebane har vore stridsspørsmål i Kvam i ein mannsalder, etter kvart som bustadbygginga har tilteke ved den gamle banen i Tolomarka ved Norheimsund. Og saka kan framleis ta nye vendingar.

— Vi føler ikkje at vi har vunne nokon stor siger andsynes skytebana, men det er gledeleg at kommunepolitikarane har sett nye sider ved problemstillingane, seier leiaren i Soldal-Porsmyr Grendalag, Arne Isak Flatabø, i ein kommentar til Bergens Tidende.

Han meiner at det blant skyttarar heng att tunge krav frå tidlegare tider, men også dei må koma seg inn i det nye hundreåret.

— Og då må dei tola ei mindre sentral plassering?

— Skilnaden mellom Nedremarka og Vangdalsåsen er marginal i avstand dersom du tek utgangspunkt i heradshuset i Norheimsund, og det plar kommunepolitikarane oftast gjera, kommenterer Flatabø.

Frå Norheimsund er det 13 kilometer til Vangdal, mot 11 til Nedremarka. I dag er det ingen som tek børsa på skuldra og går til fots. Dei køyrer bil, poengterer han.

Det er den korte avstanden til Øystese sentrum, fire kilometer, som gjer Soldalsgrenda attraktiv som bustadområde, og difor sensitivt overfor skytebråk, forklarer Flatabø.