• Sjå, her har du sjefen. Han har stanga sidan han vart fødd, seier Egil Gjelland og strekkjer neven mot den største stutekalven. Det er tid for fjøsstell i Hålandsdalen.

VM i skiskyting startar i svenske Østersund laurdag, utan at løparar frå den vesle skiskytterbygda i Fusa er med. For første gang på 14 år er Hålandsdalen ikkje representert i eit VM i skiskyting.

Egil Gjelland og kona Ann-Elen Skjelbreid har til saman delteke i 19 VM. No skyt dei heller blink med gardsdrifta og familielivet heime på Skjelbreid.

Alle har lagt opp

Ann-Elen overtok drifta av garden i fjor sommar, men for tida lyt nok Egil ta det meste av fjøsstellet. For ho har hendene fulle med minstedottera Ingrid, på fire månader. Frå før har dei ei jente på tre år, Kristi, oppkalla etter oldemora.

Bak i lia ser vi huset til Ann-Elens søster, Liv Grete Poiree og mannen Raphael. Til saman har dei to gått 21 VM. Liv Grete står på farten til kommentatorjobb for NRK i VM i Sverige. Raphael er i Frankrike med militærlaget. Han har to år att før han er «pensjonist» etter 15 års fartstid som yrkesmilitær.

Ann-Elen la opp i 2004, Egil gav seg i fjor, Liv Grete slutta etter Torino-OL, medan Raphael la opp på direkten etter at han vann sitt åttande VM-gull i fjor.

Kyr, silo og mjøl

Men når alle no er godt parkert — kven skal då føra arven vidare?

— Rekrutteringa i laget er god. Det kjem nye talent, det ser vi jo. Eg var sjølv med og såg Sondre Eide ta sølv i junior-VM sist veke, svarer Egil.

Han ser til at dei 18 mjølkekyrne får det dei skal ha frå foringsmaskina. Det er silofor, men seinare - og med jamne mellomrom utetter dagen - vil kraftfor og mjøl også koma på menyen.

— Ikkje gløym Liv Kjersti Eikeland. Ho er nok tilbake i VM-troppen neste år, skundar kona Ann-Elen seg å tilføya.

Ho har for tida permisjon frå jobben som lærar ved Fusa Ungdomsskule.

Fører arven vidare

Så fortel dei om alle som framleis har skiskyting som idrett i Hålandsdalen:

— I fjor var det 55 løparar som stilte til start for laget i løpet av sesongen, fortel Egil. Han er sjølv trenar for kretslaget, eit ansvar han deler med Liv Grete og Raphael og Ann-Elen. Den same firerbanden som har sytt for heider og ære, og sett bygda på kartet, tek altså sjølv ansvar for å føra tradisjonane vidare.

Rekrutteringa er god på heimebane og. I dei to familiane er det no fire småjenter til saman. Og det er nettopp på jentesida at Hordaland har dei rikaste skiskyttar-tradisjonane. Av dei 14 VM-gulla norske kvinner har tatt, har Hordaland sørga for ti. Liv Grete aleine har tatt seks.

Ann-Elen har gull frå stafett og lagkonkurranse, og sølv frå sprinten i VM i Ruhpolding i 1996 som beste resultat.

Bonde og politikar

Egil Gjelland har stafettgull frå OL i 2002 og VM i 2005. Einaste verdscup-sigeren kom faktisk i Østersund, som vert arena for VM komande veke.

— Men det beste løpet mitt er likevel ein andreplass frå Pokljuka i 1998, på 20 km. Det var eit løp der eg fekk ut mitt absolutt beste, og kjensla eg hadde etterpå var på ein måte større enn løpa der eg var med og vann gull, forklarer han.

Kjensla han får av å gå i fjøset og stella for 18 mjølkekyr, ti kviger og åtte stutar, er også god. Egil er oppe i seks-tida kvar morgon. Då går han i fjøset, og bruker ein time på foring og stell av dyra. Så et han frukost, før han dreg på husbygging. I fire-tida er det heim for å eta middag, og ved 18-tida ventar ny tørn i fjøset.

Styrer dagen sjølv

— For å vera ærleg; det sivile livet er sutalaust i forhold til toppidrettslivet. Og så er det godt å vera sin eigen herre.

Han driv som tømrar, og styrer dagen sjølv. Nokre kveldar må han til Eikelandsosen. Egil er nemleg vald inn i kommunestyret, og det er neppe noka bombe at han sit for Senterpartiet.

— Det er spennande å sjå kor mange ulike typar menneske som er med i lokalpolitikken. Nokon synes at skiskyting er heilt dustete, og brenn for andre ting. Det må eg respektera, seier han.

Ute på tunet er det snø. Ann-Elen spring for å henta veslejenta, som har vakna frå søvnen i nabohuset, hjå foreldra hennar - Knut og Oddrun.

Så viser dei oss den heilt private standplassen på heimebøen, der mange medaljar er blitt finsikta opp gjennom åra.

— Sjå der, hjortespor! Sanneleg har han vore på besøk i natt, utbryt Egil.

LIVET I FJØSET. - Han her er sjefen blant stutane, fastslår Egil Gjelland. Men han må vedgå at den eigentlege sjefen er kona Ann-Elen: - Det er ho som er gardsbestyrar, seier han.
Larsen, Bjørn Erik
FØRER ARVEN VIDARE: Vesle Ingrid på fire månader er siste tilvekst på garden heime på Skjelbreid, der Egil Gjelland og kona Ann-Elen Skjelbreid lever det gode bondeliv.
Larsen, Bjørn Erik