Måndag i førre veke heldt alle elevane på «feil» side av skredløpa seg heime frå skulen, både Vikebygd barneskule på Nå og den kombinerte barne— og ungdomsskulen på Hauso.

Då var rasfåren overhengande mellom Åkre og Kråkevik, og Svinaskreda i Velure hadde gått heilt til sjøen om natta. Riksveg 550 var likevel ikkje stengt fordi skreda trefte skredoverbygget.

Frå tysdag og ut veka var frammøtet på skulane variabelt i skiftande vêr.

— Frykta for skredene er ulikt fordelt både hjå born og vaksne, kommenterer fungerande rektor Tore Bergum ved Hauso skule, forståingsfullt.

I helga gjekk det nytt ras i Velure. Det trefte berre delvis det sørlegaste overbygget, og riksvegen var stengd i ein periode. Det utløyste ny frykt, og kommunen bestemte seg for å setja inn båt i skuleskyssen.

Båten går frå Nå via Aga til Jåstad. Derifrå køyrer bussen til Hauso. Elevar som bur mellom Måge og Nå vert bussa til Nå, der barneskulen ligg, og ungdomsskuleelevane kan gå om bord i båten. Barneskuleelevar frå Aga vert skyssa til Vikebygd skule på Nå med båten.

Båtskyss er i første omgang tinga for denne veka. Dersom rasfaren framleis er høg i helga, kan ordninga bli lengd.

BÅTSKYSS: Skuleungane fekk hjelp frå vaksne då dei skulle om bord i "Fjordclipper", som frakta dei forbi rasstaden
Foto: Arvid Aga