Helikopterbruken var ei av veldig mange brikker som måtte vere på plass for å nå resultatet.

— Helikoptera var nærmast uvurderlege. Med helikopter er det muleg å kome opp i lufta og få overblikk over situasjonen. Men helikoptera vart i all hovudsak nytta til å frakte vatn inn i brannområda, seier vakthavande brannsjef i Sotra brannvern Nils Anders Mæland.

Tenkte ikkje økonomi

Tre helikopter var i bruk for å få kontroll over flammane i Kolltveitmarka. I tillegg til Statens skogbrannhelikopter var to private helikopter i lufta.

— Vi tenkte ikkje pengar i den situasjonen vi var i, vi sette inn alt som var nødvendig, seier rådmann i Fjell kommune Steinar Nesse.

Han meiner det var ein uhyre kritisk situasjon. Derfor leigde kommunen inn to private helikopter for eiga rekning. Det første vart rekvirert laurdag føremiddag, og gjekk heile døgnet fram til brannen var sløkt. Det andre var i lufta nokre timar på søndag.

Hovudredningssentralen på Sola seier til BT at dei meinte eitt helikopter var nok til brannen på Sotra. Det er ikkje kommuneleiinga einig i.

— Vi risikerte skadar for fleire hundretals millionar kroner, og ikkje minst var det viktig å sikre oss at ikkje liv gjekk tapt, seier Nesse.

— I tillegg til helikopterleige har vi hatt store utgifter med sløkkinga. Truleg dreiar det seg om fleire millionar. I løpet av ei veke veit vi meir om kva det vil koste, legg rådmannen til.

Kommunen får rekninga

I fjor rykka brannvesenet ut til 122 skogbrannar, til desse vart statlege skogbrannhelikopter brukt 18 gangar.

— Kostnadene med å ha helikopter i lufta er store. Helikopterbruken må vere effektiv om den skal svare seg, seier senioringeniør Even Skredsvig ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som administrerer ordninga med skogbrannhelikopteret.

— Vi har eit ansvar over heile landet. Skogbrannhelikopteret er ei naudløysing. Kommunane er pålagt å ha beredskap sjølve, legg Skredsvig til.

Det var Helitrans som stilte opp med dei helikoptera kommunen trengde i tillegg til det statlege. Dei kan ikkje opplyse kor stor rekninga vert, men ein timepris på i overkant av 10.000 kroner er vanleg.

Rådmann Nesse håpar no at fylkeskommunen vil bidra med hjelp.

— Det er muleg å søke skjønsmidlar om kommunane har problem med økonomien. Det kan hende at vi kan dekke delar av rekninga, men det er ingen automatikk i det, seier fylkesmann Svein Alsaker og understrekar at avgjersla om å rekvirere fleire helikopter var heilt riktig og etter anbefaling frå dei.