Gjennom fire år i stillinga har Thorsten Schäffer fått mykje ros for arbeidet han har utført som flyktningkonsulent i Bremanger. Blant anna starta flyktningane underskriftsaksjon for å få behalde Schäffer.

Ei underleg historie

Men no vil kommuneleiinga ha sin eigen mann i stillinga. Overfor Bergens Tidende stadfestar ordførar Einar Kjerpeseth at planen er å tilby varaordførar Roar Førde stillinga som flyktningkonsulent. Dei to er nære politiske støttespelarar i kommunestyret.

Dermed må Schäffer ut, etter meir enn fire år i jobben.

Ei underleg historie skjuler seg bak rokeringane i Bremanger kommune.

Det handlar om ein flyktningkonsulent som kan vise til gode resultat, ein rektor med politiske ambisjonar og ein ordførar som vil røyklegge det heile.

Dagens varaordførar i Bremanger heiter Roar Førde, representerer Høgre og er rektor ved Davik skule. Saman med Sp-ordførar Kjerpeseth utgjer han tyngdepunktet i det politiske fleirtalet i lokalpolitikken i kommunen.

Skal Førde halde fram som politikar i kommunen, kan han ikkje sitje i ei rektorstilling med budsjettansvar. Han har difor søkt om og fått innvilga permisjon.

Men Førde er også tiltenkt noko som han ikkje har søkt om: Ein ny, meir passande jobb — som flyktningkonsulent.

Ei politisk karriere

Dette har skjedd i det skjulte, utan vedtak eller utlysing.

Overfor Bergens Tidende stadfestar Roar Førde at han har planar om å bli flyktningkonsulent, og at han har ei vidare politisk karriere i tankane. Som rektor kan ikkje Førde stille til val, men som flyktningkonsulent går det greitt. Førde er tidlegare ordførar i kommunen, og er no varaordførar.

Også ordførar Einar Kjerpeseth (Sp) stadfestar at Førde er tiltenkt jobben som flyktningkonsulent. Kjerpeseth meiner kommunen er forplikta til å gje Førde tilbod om ny jobb.

— Det stemmer at Førde har fått eit tilbod. Etter så mange år har vi plikt til å gje han jobb. Vi held på med ei total omorganisering av kommunen, der 43 leiarstillingar skal bli til 19. Dei overtalige skal få tilbod om anna arbeid, og dei skal få behalde løna si, seier Kjerpeseth.

Ein dyr mann

Det Kjerpeseth ikkje nemner, er at Førdes rektorstilling på Davik skule slett ikkje skal fjernast i kommunens omorganisering. Det betyr at Førde trygt kunne blitt i rektorjobben dersom han ønskte. Men i så fall måtte han gje opp politikken. Vidare betyr det at kommunen sjølvsagt ikkje er forplikta til å syte for at han får ny jobb.

Likevel vil altså ordføraren gje sin politiske kollega ein ny jobb som ikkje er utlyst, og la han behalde rektorløn på minimum lønstrinn 55 (ca. 350.000 kroner).

Såleis får kommunen ein dyr flyktningkonsulent dersom varaordføraren skal ha jobben. Dagens flyktningkonsulent nøyer seg med ltr. 37 (269.000 kroner).

Rådmannen, ikkje ordføraren

Etter den første samtalen kontaktar vi ordførar Einar Kjerpeseth på nytt.

Denne gongen understrekar ordføraren at det ligg utanfor hans mandat som politikar å tilby nokon jobb som flyktningkonsulent. Kjerpeseth seier at varaordførar Førde er ein av fleire som kan vere aktuell for stillinga, men stadfestar samtidig at Førde har vore i konferanse med rådmannen vedrørande jobben. Kjerpeseth seier det er administrasjonen, og ikkje politikarane som har planar om å gje varaordføraren ny jobb.

— Eg har høyrt at administrasjonssjefen har tiltenkt han jobben, det stemmer, seier ordføraren.

Ifølgje Kjerpeseth vil rektorjobbane i kommunen no få nytt innhald, og rektorane vil bli fristilt. Men rektorstillingane vil framleis eksistere ved kvar enkelt skule.

VARAORDFØRAREN FÅR JOBBEN: Tyske Thorsten Schäffer har vore flyktningkonsulent i Bremanger i meir enn fire år, og får mykje ros for jobben han har gjort. Men no vil den politiske leiinga i kommunen gje jobben til varaordføraren, som må skifte jobb for å kunne halde fram si politiske karriere.
FOTO: ODDLEIV APNESETH