— Dette er ei kjempefest, det er heilt spesielt for oss skutefolk, seier Kristian Fylkesnes.

Morfaren med sine to barnebarn Ram Andre og Kristoffer har sikra seg gullutsikt over Leirvik når dei store skutene siglar inn i hamna. Litt seinare på kvelden skal dei tre vere med Statsraaden på fjordtur.

Ti år etter stordabuen skjenka seg sjølv bystatus, blir det feira med båtfest. Høge master frå staselege skip prydar hamna, her er «Christian Radich», «Sørlandet», «Statsraad Lehmkuhl», «Loyal», «Svanhild» og «Seladon», pluss dampbåten «Stord I» og fjordabåten «Granvin».

Ein seglande pappa

— Der er pappa, ropar Lena Harkestad og legg på sprang bortover flytebrygga midt i sentrum. I menneskemengda dukkar pappa Jarle Harkestad opp. Sidan onsdag han har segla med «Christian Radich» frå Oslo til Stord.

Lena med bestefar og storfamilien var ute på fjorden og såg pappa segle innover Bømlafjorden.

— Eg såg pappa vinka til oss om bord, seier Lena Harkestad.

På festivalkontoret sit ein sliten festgeneral Haakon Vatle og smiler.

— Det er heilt nydeleg. Statsraaden kom inn med sang, er det ikkje flott? spør Vatle.

Spørsmålet er kor mange sjeler som stimla saman på kaiene når båtane kom inn.

— Nærmare fem tusen, kjem det kontant på Stordfest-kontoret.

Strategisk plassert hytte

I gjestehamna ligg båtane av det litt meir moderne slaget. Ytterst på brygga har familien Bruckner slått seg ned med sitt flytande sommarhus, «Lawanda».

— Supert å få til eit slikt arrangement her på Stord, seier Anne Svåsand Bruckner.

På dekk sit fire generasjonar Bruckner, venner, pluss ein liten hund og nyt synet av dei store skutene. Stordfamilien la seg like godt til for nokre dagar sidan for å sikre seg den beste plassen.

— Me ligg ofte her med båten, så kan me berre spasere til jobb, smiler Svåsand Bruckner.

Strategisk plassert midt i hamna er det berre å ta beina fatt for å besøke skutene, konsertane og folkelivet på Stordfest.

Brekke, Eirik
Brekke, Eirik
Brekke, Eirik
Brekke, Eirik