På politiloggen til Sogn og Fjordane politidistrikt var det i dag følgjande meldingar:

Kl. 08.44: Grovt tjuveri frå verktøykontainar i Hyen, Gloppen I løpet av natta er det gjort innbrot i to containerar som inneheldt mykje verktøy. Det meste av verktøyet skal vere stole. Containerane står ved eit småkraftanlegg som er under bygging på Holme i Hyen.

Kl. 09.27: Grovt tjuveri frå bedrift, Førde I løpet av natta er det gjort innbrot i Førde Motorsport. Det er bortteke mellom 10 og 20 motorsager av merke Stihl. I tillegg er det stole motorsykkelutstyr som jakker, bukser, dressar, fleire typar hjelmar og sko. Det er bortteke varer til ein verdi av over 200 000 kroner.

— I Hyen er det tatt mindre verktøy enn vi først trudde. Dyrare utstyr som laser og vinkelsliparar er på plass, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

- Veit de at det og i Åsane har vore tjuvar som har tatt motorsykkeldressar og liknande?

— Nei, det er ukjent for meg, men eg skal snakka med etterforskarane, seier Vereide.

I går melde Åsane Tidende:

Takbande slo til mot Yamaha

Natt til mandag slo tyver til mot Yamaha i Liamyrane. De ødela og stjal for flere hundre tusen.

— Her har de fått med seg en mengde varer. Hovedsakelig er det snakk om kjøredresser, hansker og støvler i skinn. Dette er dyre ting, så det er nok snakk om relativt store verdier, sier Gjerde til Åsane Tidende.

Her kan du lesa heile saka.