I går mellom klokka 17.30 og 18.00 braut nokon seg inn i eit bustadhus på Øvre Kyte i Voss.

— Nokon tok seg inn i huset og stal med seg to berbare datamaskiner, seier politiførstebetjent Einar Bystøl ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Litt seinare i går kveld, om lag klokka ti, var tjuvar på ferde på Skulestadmoen.

— Her knuste dei eit vindauga i eit hus inne på området til Voss Jordbruksskule. Herifrå stal dei smykke, ein berbar pc, ein kaffitraktar, ei kjøkkenmaskin og noko medisin. Ei god blanding med andre ord, seier Bystøl.

- Er det omreisande skurkar på ferde?

— Nei, det veit vi ikkje. Vi veit det var omreisande seljarar i dette området sist veke, men vi har ikkje noko prov på at det her er ein samanheng.