Det var litt før klokka ni i går tidleg den eldre mannen parkerte i nærleiken av Aker Stord utanfor Leirvik på Stord, melder Sunnhordland i dag.

— Mannen skulle rygga seg ut frå parkeringsplassen. Med stor kraft rygga han i to parkerte bilar. Dinest sette han automatgiret på fram og køyrde med stor kraft inn i to bilar framfor seg. På vegen vidare var han innom ein bil til, fortel politiførstebetjent Ronald Raunholm ved Stord lensmannskontor til bt.no.

Den eldre mannen var svært nedfor og lei seg for det han hadde gjort.

— Det er ikkje nokon grunn til å mistenkja mannen for promillekøyring, men vi har teke førarkortet frå han inntil vidare. Vi vil tilrå at han vert sjekka for å finna ut om han køyreteknisk og fysisk er skikka til å køyra bil vidare, fortel Raunholm.