Den 27 år gamle kjærasten til Anne Slåtten var etter alt å dømme den siste som snakka med henne før ho møtte drapsmannen søndag 6. juni.

Dei to hadde vore i lag sidan hausten før.

— Det var eit veldig varmt og nært forhold. Vi var med kvarandre så ofte det gjekk an; det vart gjerne to-tre langhelger i månaden, sa kjærasten.

Han var i Stavanger drapshelga, og vart oppringt av Anne då ho var på veg heim frå kveldsvakt laurdag. Dei vart samde om at han skulle ringje henne opp att nokre timar seinare. Det gjorde han, i 3-tida natt til søndag.

— Eg ringjer til henne, trass i at eg veit at ho søv. Er du forelska så er du forelska, sa 27-åringen i retten.

Han merka ingenting unormalt under samtalen, som varte i ein snau halvtime.

— Ho var i godt humør; det var berre ei vakt att før ferien. Vi snakka litt om ferieplanar. Det var ingenting som tyda på frykt av noko slag. Det var ein samtale prega av gjensidig kjærleik mellom to menneske, sa 27-åringen.

Dagen etter fekk han ein telefon frå Annes mor, som lurte på om han visste kvar dottera hadde vorte av.

Morgonen etter flaug han til Førde saman med Slåttens foreldre. Der fekk dei like etter klokka 12 beskjed frå etterforskingsleiar Dag Øyen om at 23-åringen var funnen død.

27-åringen studerer nå til siviløkonom i USA, og har kome til Førde frå USA for å følgje rettssaka.

— Bilbliotekaren i Stavanger trur vel eg er sprø, fordi eg har lese så mange bøker om sorg. Eg fekk eit voldsomt kunnskapsbehov. Eg har segla på eit hav av sakn, der det har vore mange stormar av sorg. Dei har ikkje gitt seg ennå, sa kjærasten.

TEGNING: GRO VIK