— Ein forferdeleg lei tabbe, seier avdelingsoverlege Tor Nedrebø ved sjukehuset si kirurgiske avdeling til Bergens Tidende.

Ansvar Han er budd på å ta sin del av ansvaret når Fylkeslegen og andre offentlege organ har vurdert saka og konkludert.

— Det er mitt ansvar at underordna kirurgar ikkje gjer slike tabbar, seier Nedrebø, fullt klar over at han ikkje kan stå over dei heile tida.

Også kirurgen som utførte inngrepet vil få ei «tilbakemelding» frå Fylkeslegen, opplyser Nedrebø. Kva konsekvensane blir, vil han ikkje spekulera i.

— Var dette ein erfaren kirurg, eller ein nybyrjar?

— Ingen av delene. Vedkomande har ikkje så veldig mange års røynsle, men er heller ingen nybyrjar.

Og blindtarmar kjem ein kirurg i kontakt med tidleg i karriæren, seier Nedrebø, som finn tabben vanskeleg å forklara.

Leit med oppstyr

Avdelingsoverlegen er redd for at medieoppstyr kan bli ei vond tilleggsbelastning for den uheldige 15-åringen og familien hennar.

— I eit gjennomsiktig samfunn som vårt, vil det ikkje gå mange dagane før «halve Voss» veit kven som manglar ein eggleiar.

Nedrebø er veldig klar på at dette ser familien slett ikkje fram til. Saka er meldt til Fylkeslegen og Pasientskadeerstatninga og vil gå sin gang i dei rette organa.

Ikkje eggstokk

I enkelte media er det feilaktig meldt at eine eggstokken vart fjerna ved inngrepet.

— Å ta feil av ein eggstokk og ein blindtam, ville vore enda meir uforklarleg, seier Nedrebø. Feiloperasjonen førte likevel til at eine eggstokken er sett ut av spel. Den fjerna eggleiaren var transportkanal for egg frå eggstokk til livmor.

Sjansen til å bli gravid er likevel ikkje redusert med så mykje som 50 prosent. Kroppen kompenserer med auka aktivitet i den andre eggstokken, der eggleiaren er intakt.