«Reisefeber» har lærarstudentane ved Høgskolen Stord/Haugesund kalla undervisningsheftet som kan tilpassast den enkelte elev som dreg på ferie medan klassevenene er på skulen.

Reise som ressurs

— Då eg fekk dispensasjon på skulen til å dra på ferie med foreldra mine i januar for over 20 år sidan, fekk eg med ei røys med lærebøker og beskjed om å skriva ein stil. Det blei problematisk for både meg og foreldra, oppgir prosjektleiar Marianne K. Hiltunen som årsak til sitt engasjement i prosjektet.

Hiltunen og 15 medstudentar på samfunnsfag valte «Reisefeber» som prosjektoppgåve med bakgrunn i at stadig fleire born og unge reiser utanlands utanom skuleferiane.

— Me ville laga eit prosjekt der reisa blir til ein ressurs for såvel eleven og foreldra som lærar og medelevar heime, forklarar Marianne Kolstø Hiltunen og Elisabeth Welle.

Prøveskular

Studentane tok utgangspunkt i Norsk læreplan 97, og har laga eit fleksibelt lausbladsystem der oppgåver frå alle fag er bakte inn. To skular på Stord og i Haugesund skal prøva kompendiet i mai. Oppgåvene har varierande vanskegrad for elevar frå 1. til 10.klasse. Det er opp til læraren å velja oppgåvearka.

— Poenget er at det skal vera interessant for heile familien, at det skal integrerast i ferien og ikkje følast som noko leksepress. Me ser føre oss at eleven kjem heim att med eit hefte der språkleg lærdom og kunnskap om feriestaden er nedteikna. Dermed blir det både eit minnehefte og eit nytteprodukt for dei andre på skulen, seier Elisabeth Welle.

ELEVREISEFEBER: Lærarstudentane Marianne Kolstø Hiltunen (t.v.) og Elisabeth Welle har saman med 14 medstudentar laga eit ferietilpassa undervisningshefte for skuleelevar på reise.
FOTO: OVE A. OLDERKJÆR