Totalt har rådmannen føreslått eit kutt i driftsbudsjettet på fem millionar kroner.

Hovudutval for oppvekst går inn for dette kuttet, og leiar av hovudutvalet, Lars Lie, vedgår overfor Kystradioen at kutt i rammetimetalet vil merkast.

Han trur likevel at ved å justera innanfor budsjettet til hovudutvalet bør kuttet kunne gjennomførast. I ettermiddag vil foreldre til elevar i skulen i Fjell i forkant at kommunestyremøtet demonstrera i protest mot kuttet.