Kvam heradstyre har avvist omkamp i skulesaka. Eit framlegg om ungdomsskule både i Norheimsund og Øystese fekk 12 av 27 røyster.

Den bitre striden kom til uttrykk frå talarstolen allereie då saklista skulle godkjennast. Her hadde Kvam Ap vedteke å binda gruppa til å røysta for avvising, men to av Ap-medlemene røysta likevel for å la saka stå på kartet, og risikerer eksklusjon. Dei to er ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) og Even Øyri.

— Ordføraren driv ein privatpraktiserande politikk som eg er rysta over, sa partifelle Inga Lill Jensen Tolo i ein replikk.

Meiningsbrytinga heldt fram då lovlegkontrollen av eit tidlegare vedtak stod på kartet, og det meste var utdebattert då sjølve skulesaka stod for tur.

Men dei frammøtte fekk likevel høyra argumenta ein gong til.

Ei rekke voteringar enda, som i november, med 15 mot og 12 for ungdomsskule i Norheimsund. Dermed skal elevane i Norheimsund skyssast til den nye, halvtomme storskulen i Øystese.

Sei di meining om skulestriden i feltet under!

AVGJER SAKA: Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) seier nei til ungdomsskule i Norheimsund.
TROND OLAV SKRUNES (arkiv)