Skulen glapp for Norheimsund

Ordførar Astrid Farestveit Selsvold trassa partipisken. Dermed vert skulen i Norheimsund lagt ned.

Les også:

Kvam heradstyre har avvist omkamp i skulesaka. Eit framlegg om ungdomsskule både i Norheimsund og Øystese fekk 12 av 27 røyster.

Den bitre striden kom til uttrykk frå talarstolen allereie då saklista skulle godkjennast. Her hadde Kvam Ap vedteke å binda gruppa til å røysta for avvising, men to av Ap-medlemene røysta likevel for å la saka stå på kartet, og risikerer eksklusjon. Dei to er ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) og Even Øyri.

- Ordføraren driv ein privatpraktiserande politikk som eg er rysta over, sa partifelle Inga Lill Jensen Tolo i ein replikk.

Meiningsbrytinga heldt fram då lovlegkontrollen av eit tidlegare vedtak stod på kartet, og det meste var utdebattert då sjølve skulesaka stod for tur.

Men dei frammøtte fekk likevel høyra argumenta ein gong til.

Ei rekke voteringar enda, som i november, med 15 mot og 12 for ungdomsskule i Norheimsund. Dermed skal elevane i Norheimsund skyssast til den nye, halvtomme storskulen i Øystese.

Sei di meining om skulestriden i feltet under!

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Relaterte bilder

AVGJER SAKA: Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) seier nei til ungdomsskule i Norheimsund. FOTO: TROND OLAV SKRUNES (arkiv)

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger