I 1875 vart det bygd skulehus på Holdhus . Hålandsdalen var det tredje kyrkjesoknet i Fusa som fekk skulehus. Først ute var Fusa-bygda, som fekk skulehus på Opsalhaug i 1862. Deretter var det kyrkjebygda Strandvik sin tur i 1866.

Omgangsskular

Før den tid var det omgangsskulane som rådde grunnen i fusabygdene. Det vil seia at lærarane flytta frå gard til gard med undervisninga og samla elevane i private heimar. Skulen gjekk på omgang. Etter kvart vart det til at ein leigde fast husrom til skulen. I 1860 kom ”Lov om almueskolen på landet” eller landsskulelova. No vart faste skulehus eit krav. På denne tida leigde ein skulelokale 16 stader i Fusa, og i tillegg vart det halde omgangsskule fleire stader. Det var åtte lærarar i arbeid.

Lærar Skeie

Brigt Skeie (1846-1939) var den første læraren i skulehuset på Holdhus. Han vart tilsett som lærar og kyrkjesongar i Hålandsdalen same år som skulehuset vart bygd. Han vart verande i 37 år – i 1912 søkte han avskil på grunn av alder og sviktande helse.

Allsidig

Ein av elevane hans, Anna Haaland Næss (f. 1896) fortel at han alltid var i godt humør og ”ofte slo av ein spøk med oss små”. Han var ein kulturpersonlegdom i bygda. Skeie var med og starta ungdomslag i 1902, han skipa til julefestar og 17. maifeiring, han vart nytta som kjømeister og skreiv songar og salmar, og han var med i skyttarlaget og skipa til ski— og skøyteløp.

Kommunehus

I 1956 flytta skulen inn i nytt bygg på Krossen på Holdhus . Gamleskulen vart nytta som kommunehus for Hålandsdal herad frå 1957 og fram til kommunesamanslåinga 01.01.1964. Holdhus grendalag fekk då kjøpa huset for 625 kroner.

Levande skulemuseum

I dag er gamleskulen i Fusa kommune si eige og fungerer som skulemuseum. Her er det samla gjenstandar og bøker frå skular mange stader i Fusa. Og gamleskulen er framleis i bruk: Hålandsdalen leirskole nyttar skulemuseet i undervisninga si. Leirskuleelevane får her oppleva ein skuledag i gamledagar med penn og blekk, vedfyring, tresko og streng lærar.

Dei nye bileta er tekne i september 2004 i samband med bygdebokarbeidet i Fusa.

I BRUK: Den gamle skulen i Fusa er framleis i bruk.
TRESKO: I gangen står treskoa – slik dei gjorde for 100 år sidan.
GAMLE DAGAR: Lærar Brigt Skeie med elevane sine framfor gamleskulen på Holdhus truleg 1903.
PENN OG BLEKK: Leirskuleelevane får her oppleva ein skuledag i gamledagar med penn og blekk.