— Det vi gjer er bra, men vi gjer så altfor lite. Og vi har ikkje tid til å gje alle dei tilbod vi er pålagt å gje, seier ei anonym helsesøster i fylkesrevisjonen sin rapport.

81 prosent av dei spurte helsesøstrene gir det same svaret og meiner skulehelsetenesta ikkje gir eit tilfredsstillande tilbod. Med bakgrunn i dette tilrår no fylkesrevisjonen eit samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen for å friskmelde skulehelsetenesta. Saka vart behandla i kontrollutvalet 1.juni og har innverknad på skulekvardagen for rundt 18.000 elevar på 46 vidaregåande skular i Hordaland fylke.

— Vi ber fylkesrådmannen om å ta initiativ ovanfor kommunane for å få til eit samarbeid. Dei må utvikle eit forpliktande program for å sikre at elevane får eit skulehelsetilbod i samsvar med regelverket, seier Terje Olav Hermansen, leiar for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Delt ansvar

Skulehelsetenesta skal fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold og førebygge sjukdom og skadar. Alle utgifter til tenesta, som lønn, utstyr og naudsynte lokale skal kommunane dekke. Dette ansvaret klarar dei ikkje å følgje opp. Derfor vurderer fylkesrevisjonen at tilbodet ikkje tilfredsstiller ein minstestandard innanfor skulehelsetenesta.

— Problemet er at det er to ulike forvaltningsnivå som har ansvaret for skulen og eleven. Dei vidaregåande skulane er fylkeskommunen sitt ansvar, men det er kommunane som har ansvaret for at skulehelsetenesta er god nok, seier Hermansen i kontrollutvalet.

Gjer ein god jobb

Dei tenestene som faktisk blir ytt ovanfor elevane er det ifølgje fylkesrevisjonen ikkje grunnlag for å karakterisere som fagleg uforsvarlege. For å fungere betre treng skulehelsetenesta å vere lettare tilgjengelege og å ha meir tid til elevane.

Problema med for dårleg skulehelseteneste er ifølgje dei spurte rektorane at elevfråværet aukar, læringsresultata blir dårlegare og fråfallet blir større. Over tid har tal frå Statistisk sentralbyrå vist at berre rundt 59 prosent av elevar i vidaregåande opplæring fullfører utdanninga på normert tid.

— Det er bra at andre yrkesgrupper enn lærarar og rådgjevarar bidreg med oppfølging av elevane, seier Nina Sandberg, forskar ved NIFU STEP, Norsk institutt for studier av forsking og utdanning og Senter for innovasjonsforsking.

TILGJENGELEG: - Elevane her har bygd dette kontoret for meg, og skulen sponsar mobiltelefon. Dermed er egalltid tilgjengeleg, seier helsesøster på Årstad vidaregåande skule, Agnes Giertsen.
SIV DOLMEN