Kring 20 skuleungar var i bussen då han køyrde i grøfta.

— Bussen stoppa på vegskuldra, og stod og vippa, opplyser styrar Bjørn Kalsnes ved Firda Billag sin avdeling på Sandane.

Ulukka skjedde ved Hope, like ved Hyen, då bussen møtte ein lastebil.

— Det var svært dårleg føre. Bussen har truleg komme for langt ut på vegkanten då han møtte lastebilen, seier Kalsnes.

Der bussen køyrde ut går det ein bratt skråning nedover, og det var like før skulebussen rasa nedover skrenten.

Ein ny buss blei send til staden. Alle elevane som var med er no på skulen i Hyen.

Ein bergingsbil var i formiddag på staden for å dra bussen inn på vegen att.

Politiet blei ikkje varsla om ulukka.

I GRØFTA: Kring 20 skuleungar var i bussen då han køyrde i grøfta.
MAGNAR HEIMSET