I går morges gjekk det galt for minibussen, som vert nytta til både skulebuss og flybuss på Stord. Sjåføren køyrde i grøfta rett etter brua over Vatnaelva, skriv avisa Sunnhordland.

Heldigvis var det ingen skuleborn i bussen då uhellet skjedde. Foreldra måtte sjølv køyre dei tolv ungane på Vatna og Saneset som venta på bussen.

Trudde ikkje det hasta

Mannen som eig minibussen, Magne Engen, seier til lokalavisa at sjåføren burde ha tatt kjetting på dekka, slik føret var i går. Han forklarer til Sunnhordland kvifor han ikkje har lagt om til vinterdekk:

— Det er på grunn av at føret har vore greitt, og det ikkje har hasta. Det er gode sommardekk. Eg kom seint heim i går og fekk ikkje lagt om.

— Sjåføren seier han har spurd etter vinterdekk, men at du skulle importera dei? seier journalisten.

— No viste det seg at dei låg i Haugesund. Det har vore problem å få tak i. Det er spinndyrt å få dei frå dei lokale her på Stord, forklarar Engen, som sjølv sel dekk som han importerer.

- Uforsvarleg

Politiet er ikkje særleg begeistra over køyringa på sommardekk.

— Det høyrest mildt sagt veldig uforsvarleg ut, seier politioverbetjent Dag Vidar Nordhus ved Stord lensmannskontor til lokalavisa.

Tide leiger inn minibussen til skuletransport. Dei ønskjer ikkje å kommentera saka overfor Sunnhordland.