Byråkratane har bomma stygt ved utrekninga av gjennomsnittskarakterane på Hauso skule.

På listene som er kunngjort, ligg skulen heilt nederst, med klar margin til den nest dårlegaste.

Rekna på nytt

Dermed fekk inspektør Tore Bergum lov, av skulen sin dels sjukemelde rektor, til å opna safen og ta ut karakterprotokollen. Det vart rekna og kontrollrekna. Fasiten lyder på 3,7. Det er langt betre enn 3,05 som står på listene som styresmaktene er ansvarlege for. Og skule klatrar eit godt stykke oppover på listene.

— Vi hadde nok ikkje noko toppår i fjor. Ser vi på eksamensresultat, som er sett av sensorar utanfrå, har vi hatt betre karakterar tidlegare, seier Bergum til Bergens Tidende.

— Korleis tok elevane det?

— Dei flira! Og dei vitsa litt om «latsabbane» som gjekk ut i fjor. Men då dei fekk høyra om reknefeilen, tok dei det alvorleg. Rett skal vera rett. Dei ville nødig at deira skulle skal ha dårleg ord på seg, seier Bergum.

Skulesjef Tove Tveito Eidnes i Ullensvang veit ikkje kven som har rekna feil. Men ho har funne feilen.

— Ikkje alle 14 elevane er komne med i reknestykket. I nokre fag opererer dei med fem elevar, i andre seks. Dermed blir det riv ruskande gale, seier skulesjefen til Bergens Tidende.

Kritiserer rangering

Førstekonsulent Toril Tysseland i Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland seier at feilen viser at det er uheldig å rangere skular etter gjennomsnittlege avgangskarakterar.

— Dette er fyrst og fremst ei åtvaring til pressa, som har prenta lister over dei såkalla «beste» og «dårlegaste» skulane. Tala seier berre korleis eitt årskull gjer det, ikkje noko om læringsmiljøet ved skulen, seier ho.

— Men korleis skal tala nyttast om ein ikkje kan samanlikne?

— Ein må sjå talla over tid, helst fleire år. I tillegg bør ein granske andre tilhøve ved skulane.

REKNEFEIL: Dagens elevar ved Hauso skule vonar at byråkratane lærer seg å rekna til deira avgangskarakterar skal kunngjerast.
FOTO: ARNE HOFSETH