— Det var den 16 år gamle Henrik Mæland Flotve som omkom i bilulykka ved Ålvik laurdag kveld. Henrik Mæland Flotve var frå Ålvik, seier lensmann Terje Kvalvik i Kvam til bt.no.

Henrik Mæland Flotve gjekk på VG1 Elektro ved Norheimsund vidaregåande skule i Steinsdalen.

— Vi hadde først ei samling og minnestund i klassen til Henrik. Etterpå hadde vi ei samling for alle elevane. Lensmannen orienterte om ulukka. Det var ei fin minnestund der alle elevane tente lys ved biletet av Henrik, fortel rektor Vidar Ask ved Norheimsund vidaregåande skule til bt.no.

Les også:

16-åring omkom i Ålvik

Passasjer

Det var ved 18.40-tida laurdag kveld at to personbilar kolliderte på strekninga mellom Ålvik og Ytre Ålvik i Kvam kommune.

16-åringen var passasjer i den eine bilen.

— En ungdom vart sitjande fast etter ulukka, og livet sto ikkje til å redde, sa operasjonsleiar Terje Hilland i Hordaland politidistrikt til bt.no laurdag kveld.

Bilen som guten var passasjer i, skal ha komme over i motsatt kjørebane. Den traff så fjellveggen og ein møtande bil.

Til saman tre personar var involvert i ulukka. Begge førarane slapp uskada frå kollisjonen.

SORG: Elevar og lærar var samla til ein minnestund for Henrik Mæland Flotve på skulen i dag.
Evy Kleivane
Evy Kleivane
Evy Kleivane