– Eg sat fleire timar i avhøyr med ein kvinnleg betjent, men vart ikkje avhøyrt av lensmann Vebjørn Moa som har underteikna avhøyret, forklarte den 55 år gamle kvinna i retten tirsdag.

Les også: Tiltale basert på plastposar

– Han kom innom fleire gonger, stressa og vifta med papir og ropte «kvar er depotet, kvar er depotet».

«Sjå på henne, ho stolar ikkje på oss»

– Det står at avhøyret er vedtatt og opplest. Var det slik, spurte forsvararen hennar, advokat Stein Erik Ottesen.

– Det stemmer ikkje. Da eg skulle lese, sa lensmannen at «sjå på henne, ho stolar ikkje på oss». Men det var aldri han som tok opp avhøyr, sjølv om det er han som har signert det, sa kvinna, som først vart klar over at avhøyret eksisterte før ho skulle varetektsfengslast.

– Eg vart så forbanna, og eg har vore sint hele tida sidan, sa den medtiltalte mora.

Politiadvokat Knut Broberg, som bistår statsadvokaten i aktoratet, ville vite kvifor kvinna aldri har nemt påstanden om det fiktive avhøyret tidlegare.

– Eg sa det i eit avhøyr like før eg skulle i fengslinsmøte, svara ho.

Alvorleg

– Eg kan ikkje sjå at det er nemt, sa Broberg.

– Dette går på anten lovbrot eller grov uforstand i tenesta for ein politimann. Det er alvorlege skuldingar du kjem med her, du er klar over det?

– Eg veit det. Eg ville vente med å ta det opp, til denne saka er ferdig.

– Men du har jo fått ein alvorleg tiltale mot deg, og så tok du det ikkje opp før no?

– Eg kjenner ikkje gangen i dette så godt, svara kvinna, som er tiltalt for å ha medverka til at den 35 år gamle sonen hennar kjøpte og selde tre kilo amfetamin.