Karsten Karlsen har lang fartstid i utelivet på øya, og var på 80-talet med på å starta både Sjøhuset og Loftet. Han er gift med Synnøve Kleivtun, og jobbar no som bookingsjef på Loftet.

For fire år sidan gav han opp det siste utelivsprosjektet sitt, Svingen Pub. Grunnen var at han ikkje fekk løyve til like lange skjenkjetider som i Bergen.

– Besøket var slik at me overlevde i mange år, men det blei til slutt ein kamp. Det var alt for mykje arbeid og for lite inntekter.

– Ikkje ønskt av politikarane

Karlsen meiner det er fullt mogleg å få etablert eit fast natteliv i nabokommunane.

– Kutt ned til klokka 02 i Bergen, og utvid til klokka 03 i kommunane utanfor. Det er ikkje meir som skal til. Kan henda ville ein del av dei som vanlegvis går ut i byen trekt ut i nabokommunane. Det ville også vera positivt for å få ned folkemengda på nattetid i Bergen.

Karlsen har opplevd at politisk motvilje har lagt grunnlaget for at askøyværingar reiser til Bergen for å oppleva natteliv.

– I starten opplevde eg det som om politikarane ikkje ønskte uteliv her. Vi måtte venta i månadsvis før vi fekk det første skjenkjeløyvet. Dei sa nei til brennevin, og dei sa nei til lengre opningstider. Folk kunne vere ute eit par timar lenger om dei drog til byen. Det sa seg sjølv kva dei valde, seier Karlsen.

I dag kan konkurrentane i byen skjenkje ein halvtime lenger enn krovertane på Askøy, som må stengja kranene kl. 02. Regjeringa har foreslått at det skal vera slutt over heile landet kl. 02. Karlsen trur ei slik endring kan vera nok til å gjera det lettare på Askøy.

– Mitt poeng er ikkje at det skal skjenkjast så lenge som råd, seier Karlsen, som meiner både politiet og lokalpolitikarane har ansvar for at det er gått som det er gått.

Nå nøyer han seg med å arrangere konsertar på Loftet. I går stod Merethe Soltvedt på plakaten, ein av mange lokale artistar som har brukt scenen på Loftet til å nå eit publikum.

– Søk på nytt!

Ordførar Knut Hanselmann (Frp) oppmodar Karlsen om å søkja om utvida skjenkjetid.

– Det er utruleg sørgjeleg at det ikkje finst eit skikkeleg tilbod her ute. Det er eit meir liberalt regime nå enn før, med Høgre og Frp, seier Hanselmann, som «gjerne skulle hatt skjenking til både kl. 3 og kl. 4».

Lensmann Odd Dale seier det er naboproblematikk som har gjort at politiet har vore negative til utvida opningstider.

– Det har vore mange konfliktar med naboar som har klaga på støy nattetid. Skjenkjestader bør ikkje liggje i bustadområde, seier Dale, som ikkje har noko imot eit meir mangfaldig uteliv på Askøy.

– Men erfaringa har vore at mange av desse plassane har fått eit klientell som berre har vore ute etter å drikke. Mangfaldet har vore for lite, seier Dale.

Silje Katrine Robinson