OVE ARNE OLDERKJÆR Stord

— Det er på tide å retta søkelys mot dei som har lagt til rette for at haldningane har forverra seg. For å gjera trafikkopplæringa billegare, fjerna Arbeidarparti-regjeringa i 1994 trafikktryggleikspakken som før var obligatorisk, seier Jan Anker-Goli, fylkessekretær i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Hordaland.

Lågare ulukkesfrekvens

— I den pakken var det inkludert eit haldningselement der vi på slutten av trafikkopplæringa samla ungdommane til ein tre timars diskusjon om trafikktryggleik og om ulukkesrisiko og -følgjer. Vi tok opp trafikkultur og blant anna det å køyra fort, det likna mykje på «Sei ifrå»-kampanjen som vegkontoret i Sogn og Fjordane seinare sette i gong.

— Vi merka at det blei meir og meir status blant unge å gje beskjed til dei som ville køyra fort. Ei undersøking i Vestfold viste langt lågare ulukkesfrekvens blant dei som hadde fått med seg trafikktryggleikspakken i opplæringa, samanlikna med dei utan slikt tilbod, seier Jan Anker-Goli.

Anker-Goli viser til at det i 1986 var 160 drepte ungdommar i aldersgruppa 15 til 24 år. I 1987-88 blei Trafikksikkerhets Pakken innført som obligatorisk opplæring for alle som skulle ta førarkort. Gradvis gjekk talet på drepte ungdommar ned til 57 i 1996. Seinare har talet auka markert, påpeikar Jan Anker-Goli.

- Ikkje nedprioritera

— Meininga med omlegginga var ikkje å nedprioritera det haldningsskapande arbeidet. Dette skulle ivaretakast i samspel mellom eleven, foreldra og trafikkskulane, seier Gisle Handeland (Ap), fylkesordførar i Hordaland. Han var statssekretær for Kjell Opseth i Samferdsledepartementet då køyreopplæringa blei lagt om i 1994. — Den gongen var det veldig mykje som var obligatorisk i opplæringa, derfor blei lærekøyring svært dyrt. Også i dag skal ein ved oppkøyring vurdera resultat ut over det tekniske ved køyringa. Tidene endrar seg, haldningane med. Vi må heile tida sjå på kva som skapar gode haldningar. Her er samspelet elev, føresette og køyreskulane nøkkelen, saman med alminneleg haldningsdanning i skule og ungdomsmiljø, seier Handeland.

Sp vil ha gratis lærestart

Senterpartiets ungdomsrørsle, Senterungdommen gjer framlegg om at det offentlege gir ungdom fire gratis øvingstimar i køyreskule før dei slepp til i privat øvingskøyring.

— Når den private køyreopplæringa kjem først, lærer ein gjerne foreldra sine feil, seier Geir Pollestad, fylkesleiar for Senterungdommen i Hordaland og politisk nestleiar sentralt.

— Vi har rekna ut at dette gratistilbodet vil kosta rundt 50 millionar kroner i året. Det er småpengar samanlikna med dei kostnadene som trafikkulukker påfører samfunnet, seier Geir Pollestad til Bergens Tidende.