Kenneth Johansen har vunne rettssaka mot Sør-Norge Aluminium etter at han ble avskjediga og anklaga for sabotasje i mars i fjor.

I rettssaka kom det fram at Johansen slit med å få seg ny jobb etter at aluminiumsverket gav han avskjed i juli i fjor.

— Når arbeidsgjevarane finn ut at Johansen har fått avskjed med skuldingar om sabotasje, vil dei ikkje ha han, sa prosessfullmektig Eyvind Mossige frå LO i retten. Mossige representerer Johansen i saka.

- Urettmessig avskil

Sør-Norge Aluminium hevdar at det var Johansen som 21. mars i fjor la ei halvliters plastflaske, med nokre dropar vatn i, inn i ein av elektrolyseomnane på aluminiumsverket. Eksplosjonsfaren er stor dersom vatn kjem i kontakt med smelta aluminium. Aluminimumsverket meiner difor at Johansen er ein fare for tryggleiken på verket. Saka har vore under etterforsking av politiet, men blei lagt bort grunna manglande bevis.

Johansen hevdar sjølv han er uskuldig. Advokat Mossige la ned påstand om at avskilet av Johansen blir kjend ugyldig då saka gjekk for retten.

— Eg er overtydd om at retten vil kjenna avskilet urettmessig, sa Mossige i retten.

Mossige la også ned påstand om at Kenneth Johansen må frifinnast, samt at han må få jobben tilbake. Mossige ba om at Johansen blir tilkjent 530 000 kroner i erstatning, og at aluminiumsverket betalar Johansen sine sakskostnader.

Retten meine det fekk duge med 353.000 kroner i erstatning, samt saksomkostningar.

- Tilliten er broten

Prosessfullmektig Lillann Norseng, som representerer Sør-Norge Aluminium, sa at det er uaktuelt at Johansen får jobben tilbake då saka starta i retten.

— Tilliten mellom Johansen og arbeidsgjevar er fullstendig øydelagt, sa Norseng i retten.

Norseng la ned påstand om at Sør-Norge Aluminium blir frikjend og at avskilet blir kjend gyldig. Om ikkje saksøkte får medhald i gyldig avskil etter arbeidsmiljølova, vil dei basera seg på at flaske-episoden gir grunnlag for gyldig oppseiing av Johansen. Norseng ba også om at Johansen betalar bedrifta sine sakskostnader.

FAKSIMILE: BT 28. august i fjor.