Likevel erkjende den tiltalte 43-åringen at han prøvde å selje noko av tjuvegodset.

Onsdag vart 43-åringen dømd til fengsel i 90 dagar, skriv Sogn Avis.

Han vedgjekk å ha stole eit musikkanlegg, ein Play Station med spel, samt ei jakke frå ein bustad i Florø, men hevda han stal for å bruke dette som pressmiddel for å få dei 400 kronene han skal ha hatt uteståande.

Tingretten godtok ikkje dette argumentet. Retten meiner at mannen har teke varene for å oppnå eiga vinning. At han hadde prøvd å selja noko av varene i Florø, byggjer opp under denne påstanden, meiner retten.