Det vedtok kommunestyret i Kvam herad i går kveld. Dermed er det klart at det ikkje vert aktuelt å leggja ned ein einaste skule i heradet i denne valperioden. Deretter vert det opp til politikarane om dei vil ta saka opp på nytt.

Det var rådmannen som foreslo å leggja ned skulane på Fykse, Oma, Innstrand og Mundheim frå neste skuleår.

Ifølgje skulesjef Dag Storaas ville ein slik spara drifta av fem klasser eller ca 2 millionar kroner årleg

— I administrasjonen fann vi det naudsynt å snu alle steinar for om mogeleg redusere driftsutgiftene, seier skulesjefen til BT.

Vedtaket i går kveld vart gjort etter ein lang og intens politisk debatt med mange tilhøyrarar i kommunestyresalen.

Det var Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og ein representant frå Grønn Bygdeliste som stod bak fleirtalsvedtaket.

Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet og den andre representanten frå Grønn bygdeliste utgjorde mindretalet. Desse gjekk absolutt i mot ei kvar endring av skulestrukturen.