Planen legg opp til etablering av gang— og sykkelsti på fylkesveg 209 frå Straume til Brattholmen i 2004. Dette er ikkje godt nok meiner komiteen, som ber om at ein startar arbeida alt i år.

Dei ber og om at arbeidet med å få etablert gang- og sykkelsti på riksvegen frå Straume til Knarrevik blir forsert. Fjell kommunestyre skal etter planen ta stilling til saka i mars, melder Radio Sotra.