På bensinstasjonen skreik han etter pengar. Spøken enda med fengselstraff.

Plastposevarianten av Klu klux klan var langt frå edru då han slo til mot ein nattopen bensinstasjon i Voss sentrum ved 05-tida om natta. For den ferske ekspeditøren var dette den første av to skrekk-opplevingar på like mange netter, og han har fått psykiske vanskar.

Spøkefuglen fortalde i Voss tingrett at han ofte konsumerer ein god del alkohol i helgene, og oppheld seg ofte på nattopne bensinstasjonar. Der er han godt kjend med ekspeditørane på nattevakt.

Denne natta var han i det spøkefulle hjørnet. Plastposen med tre hol, og softgun-pistolen av plast, var først i bruk på ein bensinstasjon i Skulestadmo. Der vart spøken straks avslørt og alle fekk seg ein god latter.

Men då suksessen skulle gjentakast på Vangen, gjekk det ille. Her var ein fersk ekspeditør på vakt, heilt ukjend med spøkefuglen og påfunna hans.

Først då det vart teke ladegrep, og pistolen ikkje ga frå seg metall-lyd, fekk den livredde ekspeditøren mistanke om at det væpna ranet kanskje ikkje var så alvorleg, likevel.

Voss tingrett har funne at «spøken» var straffbar. Det er framsett trugsmål som er eigna til å skapa alvorleg frykt. «Ranaren» kom inn på ein bensinstasjon klokka 05 om morgonen, med plastpose over hovudet og pistol i handa, samstundes som har kravde pengar. I spørsmålet om forsett, må gjerningsmannen vurderast som om han hadde vore edru. Sjølvskulda rus fritek ikkje for straff.

Han burde ha avbrote spøken straks han såg at ein ukjend ekspeditør var på vakt, meiner retten. Dommarane legg vekt på at folk som jobbar på utsette nattevakter, treng ekstra vern også i denne samanheng.

Aktor kravde fengsel i åtte månader, men retten fann ein del formildande omstende og landa på 120 dagar. Av dette må 45 dagar sonast i fengsel, medan 75 dagar vart gitt på vilkår med to års prøvetid. Den dømde må dessutan betala 2000 kroner i sakskostnader til Staten.