— Ja, no vil me ha det bort. Passasjerane kan ikkje unngå å sjå det, verken ved inn- eller utflyging. Og det er, når sant skal seiast, ikkje særleg god reklame for oss, seier flyplassjef Jan Morten Myklebust.

Grotesk

På ei slette, like ved den provisoriske brannstasjonen, ligg det utbrente halepartiet - som eit grotesk vitnesbyrd om dei fire passasjerane som omkom i flammane om morgonen 10. oktober i fjor.

Myklebust seier at passasjerar har reagert på vrakrestane. Håpet er at Statens Havarikommisjon for Transport snart er ferdige med undersøkingane sine, slik at delane kan frigjevast til destruering.

— Eg skjønar godt at halen ikkje berre kan kastast sånn utan vidare. Då forsvinn jo alle eventuelle spor. Men dersom den framleis har nytteverdi i etterforskinga, ønskjer me i alle fall at den vert flytta bort frå passasjerane sitt synsfelt, seier Myklebust.

Sjenanse

Onsdag var havariinspektørane Birger Bull og Tor Nørstegård på Stord - blant anna for å ta stilling til flyplassjefen sin førespurnad.

— Me har full forståing for at halepartiet er til sjenanse for dei reisande. Etter onsdagens rutinemessige sjekk får me sjå kva som skjer - anten om me vel å flytta halen med tanke på ytterlegare undersøkingar, eller om me frigjev den, seier Birger Bull.

Dei to inspektørane såg også vingedeler, fire motorar og understell nærare etter i saumane under det korte Stord-opphaldet i går. I tillegg fekk dei intervjua den siste av dei fire brannmennene som utgjorde førsteinnsatsen etter at flyet sigla ut av rullebanen og tok fyr.

— Når det gjeld ulukkesårsaka så arbeider me framleis etter teorien om at luftspoilerane ikkje kom ut, noko som førte til redusert bremseeffekt. Dette er me skråsikre på. Jobben vår vert å finna ut kvifor det skjedde, fortel Bull.

Ingen rapport i år

Havarikommisjonen har gått gjennom arbeidstid og kviletid for mannskapet, og ikkje funne noko ureglementert. Jakta på alle svara kan ta tid - lang tid.

— Alle bitane i puslespelet må på plass. Oppgåva er omfattande. Det er lite truleg at den endelege rapporten kjem til å liggja føre i løpet av dette året., trur havariinspektørane.

Charterflygingane med Atlantic Airways utgjorde 70 prosent av inntektene til Stord lufthamn Sørstokken. Då dei forsvann tapte lufthamna 600 000 kroner i månaden. Dette har flyplassen no teke konsekvensen av.

— Me har stramma kraftig inn på kostnadene. Berre det mest naudsynte vert kjøpt inn. I tillegg er ein femtedel av staben på 24 mann permitterte, opplyser Jan Morten Myklebust.

For å koma over kneika er flyplassjefen i dialog med Coast Air om å setja inn fleire avgangar i Oslo-ruta. I tillegg frir han til næringslivet med tanke på nye charteroppdrag.

UTBRENTHALEPARTI: Onsdag gjennomførte havariinspektørane Birger Bull (t.v.) og Tor Nørstegård nye undersøkingar i det utbrente halepartiet etter Atlantic Airways-flyet som havarerte på Stord i fjor haust. FOTO: KJETIL ØSTREM