Parasittar som overlever dei kjemiske midla som blir brukt mot dei, er både oppdrettsnæringa og villfiskinteressene sin store skrekk.

Utan verksame middel mot parasitten lakselus, risikere oppdrettsnæringa store tap, og til og med å bli utestengt frå kystområde for å hindre at også vill laks og sjøaure stryk med.

I fjor vart motstandsdyktig lakselus funne i Nord-Trøndelag.

No er det for første gang gjort eit funn som Mattilsynet har fått kjennskap til på Vestlandet, i eit oppdrettsanlegg i Austevoll. Det stadfestar seniorrådgivarane Ragnar Thorarinsson og Martin Binde i Mattilsynet.

Fryktar spreiing

Fredag har Mattilsynet kalla forskarar og fagfolk til hastemøte på Stord for å drøfte tiltak mot den motstandsdyktige lakselusa.

Det hastar, meiner Mattilsynet, fordi tilsynet fryktar den motstandsdyktige lusa skal spreie seg. Tilhøve er gode for både forplantning og spreiing, ifølgje Thorarinsson:

– Vi har ein temperatur i sjøen no som er ganske gunstig for lusa, seier han.

Middel utan verknad

Den motstandsdyktige lusa vart oppdaga då røktarane på oppdrettsanlegg såg at lusemiddelet slice, som blir tilsett i fôret, ikkje verka slik det skulle. Lusemengda i anlegget auka, i staden for å minke.

Slice er eit middel som legg seg i skinnet på fisken, og tek livet av lakselus som festar seg på fisken og et av skinnet.

Ved sidan av slice brukar oppdrettarane to andre kjemiske middel mot lakselusa. Dei blir brukt til såkalla badbehandling, der midla blir tømt rett i sjøen.

Dersom slice skulle bli ubrukeleg, vil næringa lagt på veg stå att med berre ei gruppe av kjemiske middel, fordi dei to midla som blir brukt til badbehandling er så nærslekta.

Og dess færre middel det er å velje mellom, dess større er sjansen for at lakselusa skal bli motstandsdyktig, eller resistent, som det heiter på fagspråket.

Funnet i Austevoll har gjort bruk av leppefisk meir aktuelt som alternativ til kjemiske middel, meiner Mattilsynet. Leppefisken blir sett ut i oppdrettsanlegga og lever av lakselus den finn på oppdrettsfisken.

– Vi ønskjer at næringa tek i bruk leppefisk i større grad, seier Martin Binde i Mattilsynet.

Vonar lusa kan stoggast

Då røktarane ved det råka anlegget Austevoll erstatta slice med badbehandling fekk dei lusemengda ned.

– Vi meiner det er råd å hindre spreiing, seier Binde.

Den mest sannsynlege metoden er at alle oppdrettsanlegg i området brukar badbehandling av anlegga sine. Håpet er at det skal ta knekken også på den slice-resistente lakselusa. Etter at laksen i dei aktuelle anlegga har nådd slaktevekt og er utslakta må einskilde anlegg liggje brakk ein periode. Vona er at det då ikkje er noko resistens lus att når området blir tatt i bruk på nytt.

Ei omfattande nedslakting straks har Binde ikkje tru på.

– Det trur eg er eit alt for dramatisk tiltak, seier han.