Reidun Gudmestad

Aktors påstand er 90 dagars fengsel, 15 av dei ubetinga, pluss erstatning og saksomkostningar.

— Det einaste eg ønskjer er fred, seier han som er gjenstand for all omsorga. Men kvinna har to andre store ønskje: at Kebede skal bli fri frå demonar og berga frå døden og at han skal gifta seg med henne.

Ho vil hjelpa og frelsa sin store kjærlighet. Men Daniel Kebede vil ikkje omvendast. Han meiner han er frelst og ikkje treng hjelp. Han vil heller ikkje gifta seg med henne, og påstår han aldri har vore glad i henne.

Jordmora bruker nærast all fritid på prosjektet. Ho har gått ned i stilling for å kunna bruka meir tid å be for han. Ho skriv brev kvar dag. Ho sender han bøker, videokassettar, ho reiser til Klepp for å be utføre huset hans. Og ho ringjer. Ja, ei natt skal ho ha ringt over 30 gonger. Ja, også etter at ho vart ilagt besøksforbod i januar, har ho vore ved huset, halde fram med å senda brev, og ringt. Ho har vore der 13 gonger i alt. Men berre ein gong har ho møtt på han. Han dreiv og skifta olje på bussen sin, ba henne stoppa og kasta den etter henne då ho kom nærare.

Jordmora beskriv seg sjølv som beskjeden, ærleg, pliktoppfyllande. - Eg veljer å tena Gud meir enn menneske, seier ho.

Kvar einaste dag i snart fem år har han altså fått brev. Det blir over 1800.

— Like sikkert som posten, seier han sjølv. Breva og pakkane er samla i sju pappøskjer og leverte til politiet. I går var dei med i retten.

Ut over jobben

— Dette har vore ei frykteleg påkjenning, gått ut over jobben min. Eg har vorte skeptisk til menneske og til å ta telefonen, seier han.

Han skal ha fått mange råd om å melda saka til politiet.

— Men det skal ikkje få øydeleggja karrieren min, seier han.

Kvinna stod tiltalt for å ha brote besøksforbodet ho fekk ved nyttår, og elles for sjikanerande oppførsel. Aktor, politifullmektig Håkon Brækhus, la altså ned påstand om 90 dagars fengsel, 15 av dei ubetinga, resten med ei prøvetid på to år pluss erstatning for Kebedes tapte arbeidsforteneste, oppreising og saksomkostningar.

Hennar forsvarar, Linda Myrdal påstod full frifinning for jordmora.

Den 54 år gamle jordmora forklare grundig og lenge om korleis hennar store kjærleik og livsprosjekt kom i stand. Om reisene sine med Daniels reiser og heile prosessen sidan.

Ho fortalte korleis ho meldte seg på ein tur til Etiopia fordi ho ønskte å vera med å markera gebursdagen hans.

— Det vart ein fiasko. Han nekta at han hadde gebursdag, sa ho.

Ein periode då ho fekk vita at han skulle gifta seg, heldt ho opp. Men då han bekrefta at det ikkje var skjedd, gjekk ho på an igjen.

Men så ein dag høyrde ho ein spesiell damelatter i telefonen. Den kjendest som eit hån. Ho bestemte seg for å ta ein heil fridag i bønn. Frå den dagen var ho viss om at bønn var det einaste som kunne hjelpa han. Ein dag fekk ho også eit syn som gjorde at ho måtte frelsa han frå helvete.

Brev kvar dag

Og 12. november 1998 fekk ho ordet som førte til løftet om å skriva til han kvar dag.

— Eg har vore trufast mot Guds ord. Det aktar eg framleis å vera, for det set eg høgare enn noko anna, sa ho i retten. Alt dette ville eg aldri gjort for nokon annan enn mine næraste, og Daniel som eg er så glad i at eg kunne gifta meg med han. I kampen mot det vonde har ho også brent opp ei flott biletsamling frå Etiopia og knust koppar ho kjøpte der.

— Eg veit ikkje at eg har gjort noko gale som krev politi, sa ho. At han treng hjelp, er for henne langt overordna hans ønske om å få fred.

— Eg kan ikkje slutta før eg får vita at han er i trygge hender, seier ho. - Det har vore både tidkrevjande og vanskeleg, men alt er gitt meg av Den Hellige Ånd.

Vil ha fred

Fornærma, Daniel Kebede, var einaste vitne i saka. Han nekta i for at han nokon gong hadde vore spesielt oppteken av jordmora. Og sa han aldri hadde gitt henne grunn til å tru det. Han meinte han hadde gitt henne signal om å slutta å ringja, men ikkje sagt det rett ut.

Som ein reaksjonsmåte, begynte han etter kvart å setja telefonane over til andre, mellom anna til bibelskulelærarane hennar.

— Dette er eit forferdeleg misbruk av Guds navn, Og kvifor vil ho berre frelsa meg og ikkje alle andre? undrast han. - Eg er ein vanleg kristen. har eg gjort noko, vil eg be om tilgjeving.

— Eg skal gifte meg fjerde januar, så får eg fred, seier han.

(Stavanger Aftenblad / Bergens Tidende)
HAR FÅTT NOK: - Det einaste eg ønskjer er fred, seier Daniel Kebede.
Ann Sesilie Tekfeldt, Jærbladet
FRIARPOST: Over 1800 brev har jordmora frå Bergen sendt til ein mann på Klepp.
Reidun Gudmestad