ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no — Det er med tungt hjarte vi må bringa betong inn i dette praktfulle fjellområdet, men det ser ikkje ut til å hjelpa men veikare materiale, seier regiondirektør Truls Hegrenæs i Jernbaneverket til Bergens Tidende. Han har opplevt at naturkreftene har knust snøoverbygg av tre til pinneved nesten like fort som Jernbaneverket maktar å setja dei i stand. Hegrenæs fortel at ein vurderer å laga opningar i betongoverbygga for å ta vare på mest mogeleg av utsikten frå togvindaugo.- Alternativet har vore å legga ei lengre strekning i tunnel. Det ville gitt toget større fart, og dermed kortare reisetid, samstundes som vedlikehaldskostnadar kan sparast. Men då ville Bergensbanen ha misst ein del av attraksjonen som turistbane, seier Hegrenæs. Jernbaneverket har også lagt bort planane om ein tunnel forbi det dramatiske juvet i Rastalia vest for Urdland. Her blir det satsa på omfattande sikringstiltak i terrenget over lina, og avanserte rasvarslingssystem.