Tor Schei Hellesnes har fått skjennebrev frå rådmann Jon Oppedal i Ulvik. Entreprenør Arne Osa har drive steinuttak på Hellesnes sin eigedom på Ulvikhøgda, sjølv om formannskapet har vedteke at han må venta til 1. mai, grunna snøskredfare.

– Eg tek ansvaret, seier Arne Osa.

– Eg er ugild, seier ordføraren.

– Eg sende brevet fordi formannskapet sitt vedtak er brote, og ansvaret andsynes heradet kviler på grunneigar Hellesnes, seier rådmannen.

– Skulle dette formannskapsvedtaket danna mønster, ville det aldri kunne drivast utandørs anleggsarbeid på Vestlandet. Her bur vi «under steinfallet», for å sitera Olav H. Hauge, seier Tor Schei Hellesnes.

Skredekspertar

Både Hellesnes og Osa har meir enn 30 års røynsle frå hjelpekorpsarbeid i Ulvik og på Finse.

– Eg vil påstå at ingen i Ulvik formannskap har betre greie på snøskredfare. Det er eit skredløp mellom 50 og 100 meter unna der vi held til. Siste skredet gjekk for åtte år sidan. Vi har berre arbeidd i klarvêr og kuldegrader, medan skredfaren er null. seier Osa.

Han vedgår at formannskapsvedtaket vart ignorert, men han avslutta arbeidet då Hellesnes fekk skjennebrev frå rådmannen.

Steinen skulle leverast til Hardanger Fjordterrasse, eit kompleks med 21 flotte fritidshusvære på tomta ved tidlegare Bjotveit Hotel i Ulvik sentrum. Osa er uviss på om utbyggjaren kan venta til i mai med steinleveransen, og risikerer å tapa kontrakten. Utan det ulovlege arbeidet, ville han ikkje kunne levera før i juni.

– Når det endeleg skjer noko her i bygda, skal det stikkast kjeppar i hjula, seier Osa.

Respekt

For rådmann Jon Oppedal er saka grei. Formannskapet har gjort eit vedtak, og det må respekterast.

– Har du fått skredfaren vurdert?

– Nei, framlegget er ikkje mitt. Det kom frå ein av politikarane i møtet. Men det vart samrøystes vedteke. Då er det mi plikt å følgja opp, seier rådmannen.

I formannskapet var det uvisse om kommunen sitt ansvar når dei gir ulike løyve etter plan— og bygningslova. Bergen kommune sitt ansvar for raset ved Hatlestad terrasse, er nemnt som døme.

– Typisk. Når eit slikt spørsmål først er reist, er det ingen som vågar å røysta mot. Dei vil ikkje sitja med ansvaret om noko skulle skje, seier ein oppgitt Tor Schei Hellesnes.

Kva meiner du om saka? Sei di mening i kommentarfeltet under:

PAUSE TIL 1. MAI: Entreprenøren har stogga steinuttaket på Ulvikhøgda etter at ordføraren sin ektemann fekk skjennebrev frå rådmannen.
privat