— Vi gjennomføra tiltak etter føre-vâr-prinsippet. Sjølv om skrapesjuke av typen Nor 98 ikkje er rekna som smittsam, er det mogeleg at sjukdomskriteria kan endra seg, seier distriktveterinær Ola Skjelde til bt.no.

Det var i slutten av april at sauebonden oppdaga at ein sau var sjuk, og tok kontakt med veterinær. Sauen var så dårleg at han måtte avlivast. Prøve vart sendt til Veterinærinstituttet, som gav eit førebels varsel 8. mai, og no stadfester at sauen leid av skrapesjuke type Nor 98.

Meldinga kan vanskeleg koma på eit verre tidspunkt for bonden, som nettopp har gjort unna ei månadslang økt med lemming. No må heile saueflokken slaktast og destruerast. Husa på garden må vaskast og desinfiserast og jorda ligga brakk i to år før nye sauer kan setja klovar der.

Det offentlege erstattar dyra etter fastsette satsar etter kjønn og alder; mest for avlsvêren, minst for lamma. Men det vert ikkje ytt erstatning for dei to åra med avbrot. Svært få saueeigarar har privat avbrotsforsikring.