— Vi kjenner oss ikkje heilt att i dei spissformuleringane som har versert i media siste døgeret. Vi analyserer. Vi køyrer ikkje tog, og kan sjølvsagt ikkje legga ned noko som helst, seier Kjell Werner Johansen i TØI til Bergens Tidende.

Saman med Bjørnar Andreas Kvinge er han forfattar av rapporten.

Mest subsidiar til Oslo

Meldingar i media fortel at Meråkerbanen, Raumabanen, deler av Rørosbanen og Vossebanen er ulønsame. Underforstått at andre jernbanestrekningar er lønsame. Slik er det ikkje. Staten subsidierer jernbanetrafikken med 1,5 milliardar kroner årleg i form av såkalla statleg kjøp av transporttenester. Johannesen stadfester at om lag halvparten av desse pengane går til lokaltrafikk i og rundt Oslo.

— Vi har vurdert om togtrafikken kan drivast bedriftsøkonomisk lønsamt på ei rekke sterkningar. Der det er håplaust, har vi gått vidare og sett på den samfunnsøkonomisk lønsemda. Her finn vi at det vil løna seg for Staten å flytta om lag 350 millionar kroner (i subsidiar) frå trafikksvake til meir trafikksterke strekningar, forklarer Johansen.

Fleire tog til Arna

Rapporten konkluderer med å tilrå nedlegging av trafikken på Meråkerbanen, Rørosbanen, i alle fall sør for Røros, og Raumabanen.

Vossebanen er ein av strekningane der nedlegging eller reduksjon i togtilbodet bør vurderast. 49 prosent reduksjon vil etter utrekningane gje optimal samfunnsøkonomisk lønsemd. Vossebanen er i denne samanhengen «forlenga» austover til Myrdal, men avkutta i vest på Arna. For strekninga Bergen-Arna viser tala optimal samfunnsøkonomisk produksjonsnivå ved å auka talet på tog med 13 prosent.

Konkurranseutsetting

Kjell Werner Johansen stadfester overfor Bergens Tidende at det ikkje er vurdert kva effekt nedlegging av Vossebanen vil ha for trafikken på Flåmsbana, som har meir enn 400.000 reisande årleg, rett og slett fordi Flåmsbana ikkje er blant strekningane som er analysert.

Flåm Utvikling AS ville truleg ha vurdert å køyra Flåmsbanetog heilt til Bergen, om turvande, for å oppretthalda rundturen «Norway in a nutshell».

Få fryktar at TØI-rapporten skal føra til nedlegging av lokal togtrafikk på strekninga Bergen-Voss-Myrdal nettopp no som Regjeringa har bestemt seg for å legga drifta av heile Bergensbanen ut på tilbod, lokaltrafikken medrekna.