Brannen var under kontroll like før kl. 16 i ettermiddag, men bygget er totalskadd. Dei delene som ikkje er brannskadd har store vasskader. Det vil pågå etterslokking utover kvelden, og brannvesenet skal stå vakt i natt.

Elevar evakuert

To 5. klassar dreiv tekstilforming i bygget da brannen oppstod, og i tillegg skal ei gruppe på mellom sju og ni SFO-barn ha helde til i 1. etasje.

Evakueringa av samtlege barn og tilsette skal ha gått utan store vanskar, og det er ikkje meldt om fysiske personskader.

Den dramatiske brannen medførte også at fleire hundre elevar ved resten av Førde barneskole, som ligg like ved den brennande trebygningen, også måtte evakuere.

Ifølgje lærarar bt.no har snakka med, gjekk evakueringa av den brennande bygningen så raskt at fleire elevar måtte gå frå sekolesekkane sine. Det er stadfesta at alle kom seg uskadde ut.

Skule og SFO

Gamle Førde barneskole er ein fire etasjers trebygning, og er ein av dei få eldre bygningane som står igjen i Førde sentrum. Bygget skal ha blitt fullstendig rehabilitert for nokre år tilbake, og var no i bruk som både skule og SFO.

FULL FYR I GAMLE SKULEN: Den dramatiske brannen medførte også at fleire hundre elevar ved resten av Førde barneskole, som ligg like ved den brennande trebygningen, også måtte evakuere. FOTO: TERJE ULVEDAL